1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Ny vurdering av vindkraftanlegg på Okla

    Stad, Vestland
    Ny vurdering  av vindkraftanlegg på Okla
    Opprettet: 04.08.2019 av Bård Inge Fløde
    Sluttdato for signering: 04.09.2019
    Selje kommune har tidlegare gjort vedtak om etablering av vindkraftanlegg på Okla på Stad. Det er gjeve konsesjon for slik utbygging, men i skrivande stund er ikkje utbygginga starta. Ny kunnskap og innsikt om m.a. økonomi og konsekvensar, gjer at svært mange i dag har teke klart standpunkt mot all vindkraftutbygging på land. Vi opplever at også innbyggjarane i Selje kommune meir og meir skjønar kva ei slik utbygging vil bety kva gjeld øydelegging av landskap og natur på Stad, og tek standpunkt mot den planlagde utbygginga. Vi ynskjer difor at kommunestyret i Selje tek opp som sak å drøfte korleis dei kan stogge denne utbygginga. Viktige argument for å utsette/ stogge utbygginga – for å endre meining/ haldning: 1. Stad er ikkje med i den nye rammeplanen for vindkraftutbygging: det vil seie at området er så verdifullt og konfliktane så store at utbygging ikkje er aktuelt. Kvifor då bygge på Stad NO? 2. Ei slik utbygging vil påverke reiselivsnæring negativt i stor grad. Vi ynskjer å satse på berekraftig reiselivsutvikling: dette betyr at dei tilreisande vil bli her lengre og bevege seg i naturen. Eit industritiltak i fjellandskapet vil vere særleg øydeleggjande for slik næringsutvikling. Inntekspotensialet i eit urørd landskap vil vere mange gongar så stort som inntektene av det planlagde vindkraftanlegget. Vindkraftanlegget på Okla vil vere godt synleg frå heile Stad, og alle turruter vert påverka negativt. 3. Det er ikkje behov for meir vindkraft: opprusting av eksisterande vasskraftanlegg kan gje meir kraft enn summen av all planlagd vindkraft. I dette tilfelle er det dessutan snakk om maksimal øydelegging av landskap for eit minimalt kraftutbyte! 4. Informasjonen om konsekvensar som vart gjeven i samband med søknaden, var svært mangelfull og dels misvisande (jf. visualisering og formuleringar som vart nytta). Ein sit i dag med langt større innsikt og kunnskap om konsekvensar av landbaserte vindkraftutbyggingar generelt, og om konsekvensane av denne planlagde utbygginga på Stad. 5. Initiativ på landsplan for å leggje all vidare utbygging på is, også det som har fått konsesjon. Dei som står bak er Den norske turistforening, Naturvernforbundet og Norges jeger og fiskeforbund. Dei ber regjeringa om dette, vil også gjelde Okla. 6. Stad har eit eineståande landskap, både når det gjeld geologi, vegetasjon, fugleliv og dyreliv. Har alt fleire verneområde: landskapsvern i Tungevågen, vern av Ervikvassdraget, freding av ein orkide i Ervika, og Liset-Hoddevik er eit utvald kulturlandskap (berre 20 i landet). Omsynet til verneområda har ikkje blitt lagt vekt på i prosessen.
    166 av 193 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.