Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    NEI til vindkraft i Herøy!

    Herøy, Møre og Romsdal
    NEI til vindkraft i Herøy!
    Opprettet: 30.05.2019 av Gunn Urke Remøy
    Sluttdato for signering: 30.06.2019
    Underskriftsliste for alle innbyggjarar og hyttefolk i Herøy kommune. I Nasjonal ramme for vindkraft er mykje av våre fjell-, natur- og fritidsområder på Søre Sunnmøre peika ut som egna for utbygging av vindkraft. Ved høyring av nasjonale ramme ber vi kommunestyret i Herøy seie eit prinsipielt nei til vindkraftverk i kommunen. Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Det er vorte kjend at nærleik til slike industriområder vil påverke folkehelsa, fugle-og dyreliv, øydelegge natur og splitte befolkninga sosialt. Det fremmer verken bulyst, forretningsverksemd eller reiselivet i kommunen og regionen. Vil be Herøy kommune gå i bresjen for Sunnmøre og Nordfjord, samle kommunane om eit breidt NEI til vindturbinar her!! Er du innbyggjar i Herøy eller har du feriehus eller hytte i kommunen vår, signer her!
    348 av 179 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger

    15 kommentarer:

    Jack-Børre Voldsund

    Fredag 07.06.2019
    Nei til vindmøller

    Camilla Storøy

    Onsdag 05.06.2019
    Nei til vindkraft!

    Nei til vindkraft

    Onsdag 05.06.2019
    Trur dokke skal la den vandre litt til. Eg har ikkje sett den før no. Det passer dårleg med Herøy kommune si satsing på turisme.

    Knut Asle Goksøyr

    Tirsdag 04.06.2019
    Oppmodar alle om å skrive under "NEI til vindkraft i Herøy" og elles arbeide aktivt mot landbasert vindkraft over alt. Argumenta om kor naturvenleg denne krafta er, bit eg ikkje på. Viss andre land meiner dei treng slik kraft, kan dei øydelegge eigne naturperler, ikkje våre! Naturinngrepa er formidable og uopprettelege, mastodontane veldig skjemmande og sterkt generande for dei som bur rundt. Og hugs for all del: Vi har nok straum! Skulle vi trenge meir, kan eksisterande vasskraftverk forbetrast/oppgraderast. Også vasskraftutbygging har negative sider med betydelege naturinngrep, så det får vere vårt bidrag. Meir raséring av det mest verdfulle vi har, naturen, er heilt unødvendig og såleis uaktuelt. Set dykk inn i kva for krefter som står bak ønskja om vindkraftutbygging over ein lav sko og elles korleis framgangsmåten er. Ein finn alt på nettet. Stå saman MOT VINDKRAFT!

    Anders Goksoyr

    Tirsdag 04.06.2019
    Vindkraft kan vere eit alternativ som lokal energikjelde der behovet er stort, vinden påliteleg, og det ellers ikkje er særleg natur som vert skjemma. Hos oss er det derimot meiningslaust og ikkje ein gong dei ivrigaste forkjemparane klarer å argumentere på ein truverdig måte. Miljø er so mangt og ikkje berre CO2. Norsk natur er utan sidestykke og vi har eit stort ansvar for at generasjonane som kjem etter oss og kan oppleve dette som vi tek som sjølvfølge.

    Siv-Elin Nærø

    Lørdag 01.06.2019
    Nei til vindkraftverk

    Terje Frøystad

    Lørdag 01.06.2019
    Nei til vindkraft , vi har nokk strøm i Norge med vannkraft , vis vi ikkje selger på tilbud til utlandet å vi må betale dobbel pris

    Erlend Voldsund

    Fredag 31.05.2019
    Nei til vindkraft

    Torill Holmen Rustadbakken

    Fredag 31.05.2019
    Ikkje øydelegg flotte Herøy med vindmøllepark. Lat naturen og dyrelivet vere i fred.

    Geir Kragseth

    Fredag 31.05.2019
    Nei til vindturbiner!

    Gard Warholm

    Fredag 31.05.2019
    Grov vold mot natur å dyreliv. NEI TIL VINDKRAFT

    Lene Wilson

    Fredag 31.05.2019
    Nei til voldtekt av norsk natur. INGENTIG rettferdiggjør rasering av vår natur. Verken for oss, eller for våre etterkommere. Tenk fremover, og ikke kun på hva som kan fylle lommebøken til noen få, i dag.

    Morten Brekke

    Fredag 31.05.2019
    Nei til vindmøller

    Frode Velsvik

    Torsdag 30.05.2019
    Nei til vindkraft i heile Norges land! Dette er kort og godt ein velregissert svindel med offentlege pengar, der ein ødelegg naturen med noko som ikkje gir ein netto straumgevinst i det heile tatt i løpet av levetida. Det er nok av vindturbinar rundt om i verda som no står til forfall fordi det ikkje er lønsamt når subsidiane fell bort.

    Marius Sandanger

    Torsdag 30.05.2019
    Nei til vindkraft

    Legg til kommentar