1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Gang- og sykkelveg

    Ålesund, Møre og Romsdal
    Gang- og sykkelveg
    Opprettet: 31.01.2013 av Karl Gudmund Helland
    Sluttdato for signering: 31.12.2013
    Eg ser at Skodje kommune no synest å vere interessert i at det vert tillaga gang- og sykkelvegar i kommunen. Eg trudde at når prosjektet med den nye Skodje-brua, Digernes-krysset, Stette-tunellen og miljøgata i Skodje sentrum, vart lansert, ville dette også innehalde etablering av gang- og sykkelveg på strekninga Digerneset til Grindvika, men dengang ei. I staden for å lage til gang- og sykkelveg rundt heile Skodjevika, vart det brukt fleire titalls millionar kroner på Stettetunellen. Ein tunell verken eg, og svært mange med meg, verken hadde høyrt om, eller ynskte å prioritere. Snart skal det takast til med å lage ny vegtrase på strekninga Valleskiftet til Dragsundet. Då må kommunen syte for at gang- og sykkelveg vert tillaga samstundes, på heile strekninga. Tilsvarande når arbeidet med utbetring av strekninga Dragsundet til avkøyrsla til Solnørdalen, vil verte påbyrja. Eg ber no om at kommunen (saman med vegstellet) prioriterer samanhengande gang- og sykkelveg rundt heile Skodjevika. Eg vonar at mange innbuarar i Skodje kommune er einige med meg, og støttar framlegget mitt.
    5 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.