1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Innbyggjarinitiativ om barnehagane i Leikanger

    Sogndal, Vestland
    Innbyggjarinitiativ om barnehagane i Leikanger
    Opprettet: 20.04.2015 av Idun A. Husabø
    Sluttdato for signering: 01.05.2015
    Foreldra til ungane som går i dei kommunale barnehagane i Leikanger ønskjer å fremje eit forslag for kommunestyret i Leikanger. Til dette nyttar vi retten til innbyggjarinitiativ omtalt i Kommunelova § 39a. Vi ber med dette om at kommunestyret i Leikanger: 1) Stoppar nedskjeringar i løyvingane til dei kommunale barnehagane. 2) Drøftar bemanningssituasjonen i barnehagane i ei eiga sak i samband med budsjettprosessen og aukar bemanninga til den tilrådde bemanningsnorma. 3) Avgrensar framtidig sommarstenging av barnehagane til to veker, og aller helst unngår feriestenging. Foreldra til ungane som går i dei kommunale barnehagane i Leikanger ønskjer å seie klart ifrå om at dei kommunale barnehagane ikkje toler fleire budsjettkutt. Vi opplever å ha dei tilsette med oss i dette synet. Dei kommunale barnehagane i Leikanger ligg under bemanningsnorma for barnehagar. Sagt med andre ord er det no fleire barn per avdeling enn det som er godt for ungar og vaksne. Dette gjeld særleg tidleg og seint på dagen, når vaktskjemaet gjer at ein vaksen er åleine med ungane på avdelinga. Slik foreldra ser det, skapar dagens forhold ein uhaldbar arbeidssituasjon for personalet, som stadig prøver å springe fortare og strekkje seg lenger, men ikkje kjem i mål. For ungane er det uheldig at dei vaksne i barnehagen alltid er for få. Barnehagane brukar ikkje lenger faglærde vikarar – av økonomiske grunnar. Det er også svært beklageleg at det blir slutt på lærlingar, som har vore ein kjærkomen ekstraressurs. At kommunen har stram økonomi og må kutte i tenestetilbodet til innbyggjarane er ikkje noko nytt. Likevel er det underleg at nettopp barnehagane, som har fått mange nye oppgåver dei siste tjue åra, ikkje har fått nokon budsjettauke for å ta seg av dei nye oppgåvene. Styrarane har gjort kommunen merksam på at smertegrensa for barnehagane sin økonomi vart nådd for eit par år sidan. Etter det har kutta halde fram. Kva følgjer får bemanningssituasjonen? Uro og dårleg trivsel blant ungane er eitt utslag, men langtidssjukemeldingar og høgt sjukefråvær heng truleg òg saman med måten barnehagane blir drivne på. Urolege ungar gir slitne vaksne. Tæringa på kreftene til dei tilsette er i sin tur uheldig for ungane, som må venje seg til stadig nye vaksne når dei faste på avdelinga blir sjukemelde. Når det gjeld den varsla stenginga av barnehagane i fire veker i sommar, vil vi be kommunen om å ta mål av seg til å unngå at denne situasjonen oppstår i framtida. Vedtaket byr på store ulemper for mange familiar, som må handtere 4 vekers stenging i juli pluss tre planleggingsdagar i august. Det lengste kommunen bør tillate seg å stengje barnehagane i Leikanger for sommaren, er to veker. I utgangspunktet meiner vi Leikanger bør kunne stille med eit minimumstilbod etter same mal som Sogndal, der ungane blir samla i ein felles sommarbarnehage i tre veker i fellesferien. Det uroar oss som representerer unge familiar i Leikanger at kommunen ikkje ser ut til å satse meir på behova til dei minste. Også med stram økonomi har ein høve til å gjere visse prioriteringar. Det er synd at ein kommune som slit med å trekkje til seg innbyggjarar har kutta så mykje i barnehagane, for dette er ei linje som blir lagt merke til av mange i etableringsfasen som er i ferd med å velje kor dei skal slå seg ned. Det er viktig for foreldra at kommunestyret no tek opp bemanningssituasjonen i barnehagane og dei økonomiske rammene som ei eiga sak, der også dei langsiktige følgjene av nedskjeringane blir drøfta av dei folkevalde. Med helsing foreldra i Nybø og Henjahaugane
    89 av 244 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.