1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Underskriftsaksjonen tunnel frå Kvåle til Kløvhola

    Sogndal, Vestland
    Underskriftsaksjonen tunnel frå Kvåle til Kløvhola
    Opprettet: 19.11.2015 av Øyvind Nondal
    Sluttdato for signering: 07.12.2015
    Underskriftsaksjon for å få rådgjevande folkerøysting over kva alternativ som skal nyttast i høve den såkalla Sogndalspakken. Innbyggjarane i Sogndal må kunne røyste over alternativet «miljølok», og tunnel Kvåle – Kløvhola. Eit «miljølok» der Gravensteinsgata vert senka ned vil koste over 350 mill. kr. I tillegg må innbyggjarane i Sogndal betale bompengar for å komme inn i sentrum. Bompengar vil verte svært dyrt for folk som arbeider i sentrum, og for alle andre som skal på handel, eller har andre ærend. Med tunnel frå Kvåle til Kløvhola vert trafikken lagt utanfor sentrum. Tunnelen vil byrje rett ovanfor fotballbana på Kvåle og komme ut ved Kløvhola, ikkje langt frå Loftesnesbrui. Med >300 underskrifter må kommunestyret ta stilling til det. Denne lista bør vere klar i løpet av november månad. Kommunar kan organisere folkerøystingar som dei vil. Det er difor mulig å halde folkerøystinga på Internett med elektronisk skjema som Sogndal kommune nyttar i dag, i tillegg til oppmøte på kommunehuset. Det står i kommunelova § 39 b, sjå Ot.prp. nr. 32 (2008-2009) s. 45 – pkt. 4.6.4. * * * Underskriftslista vart opphavleg lagt ut på kommunehuset i Sogndal, og det vart avtala at denne skulle ligge til 30. november. Seinare har eg fått ei rekkje meldingar på Facebook om at dei i skranken ikkje kjenner til noko liste. I dag 19. november køyrde eg inn på kommunehuset og etterspurde den. Då var det rådmannen, Jostein Aanestad som hadde unnadrege underskriftslista, med det føremål at innbyggjarane ikkje skal kunne skrive under.
    293 av 244 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    2 kommentarer:

    Annbjørg Lyngset

    Lørdag 21.11.2015
    Legg vegen utanfor sentrum! Slik det ofte er på større tettstadar og byar.Dei som vil handle i sentum gjer det uansett kor vegen går.Ja kansje det til og med kan verte rolegare og tryggare å ferdast i sentrum av Sognal!

    Katrine Liheim

    Fredag 20.11.2015
    Hva vil tunnel koste? Og hvordan blir luftkvaliteten ved tunnelmunningen rett over fotballbanen på Kvåle? Mtp skolebarn og fotballtrening?