1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Dansesalen på Ulstein kulturskule må fiksast

    Ulstein, Møre og Romsdal
    Dansesalen på Ulstein kulturskule må fiksast
    Opprettet: 29.03.2023 av Zornitza Demirova
    Sluttdato for signering: 29.09.2023
    Sida 29.11.2022 har dansesalen på Reiten, Ulstein kulturskule, vore stengd. Dette grunna taket som ramla ned, heldigvis ikkje på dagtid når elevane har undervisning, og ingen blei skada. Dette kunne ha fått fatale konsekvensar. Ulstein kulturskule har 161 born og ungdomar frå 6 til 19 år som går på dans. Men dei siste månadene har danseelevane vore nøydde til å danse i salen som elles blir brukt til korpsøvingar og liknande. KLP Skadeforsikring vil ikkje dekke skaden. Ein del ting som å betre ventilasjon, betre lydisolering og romakustikk, betre lyd og nytt golv, må kome på plass for at det skal vere optimalt. Dagens ventilasjon i salen er for dårleg, noko som gjer at dei må setje opp døra, og då blir det støy i andre delar av kulturskulen. Vi kan ikkje ha eit lokale som er helseskadeleg. Vi er stolte over dansetilbodet vi har, og håper at UKEF får tilskotet som skal til for å oppretthalde det gode tilbodet. No har jo UEKF trekt saka om dansesal frå vidare politisk handsaming. Grunnen er at saka vart så omfattande og dyr. På vegne av alle foreldre til danseelevane ber eg om at saka blir sett på nytt, prioritert, tatt hensyn til før elevane blir umotiverte og mistar lysta til å fortsette, noko som er kjempetrist og trekker ned det attraktive tilbodet Ulstein kulturskule (som er kommunalt) har å tilby. Må det koste so mykje som 2 mill.? Er det verkeleg ikkje mogleg å gjere det billegare, utan at det ikkje blir optimalt? Noko må kunne gjerast for at det blir fart på saken og denne oppgraderinga gjerast billegare. På same måte som turn/RG/fotball osv støttast for å oppretthalde det gode tilbodet som tilbys der, men som er privat, burde dans/ballett støttast også. Ber med dette om at politikkarane ser på nytt på saka, slik at den ikkje går i "gløymeboka", på steden kvil, slik at danseelevane risikerar å vente i årevis på ein egna dansesal. Det er like viktig som andre aktivitetar. Hjelp/støtt kulturskulen. mvh, Zornitza Demirova
    29 av 178 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.