Ein bærekraftig hogst og forvaltning av Vigreskogen
			
            			
				
				Rogaland			
			
			
							
            
                Opprettet: 11.06.2024 av Grete Friestad
Sluttdato for signering: 11.12.2024            
			
				Vigreskogen er ein kjær skog for mange jærbuar, spesielt for folk som bur i nærleiken, ved Nærbø, Lode, Vigre, Reime, Søyland og omegn med fleire tilreisandes fra andre kommuner frå både Stavanger i nord til Eigersund i sør. Den blir brukt til trening, mosjon og til sosialt samvær. Tilgang og nærleik til natur er viktig både for psykisk og fysisk helse, og bidrar til å redusere stress. I Hå er det ikkje mykje skog som ligg så nært der folk faktisk bur. I tillegg er skogen eit viktig habitat for fleire fugl-og-dyrearter. Her er det observert myrhauk, hønsehauk, hornugle, kattugle, gulspurv, rådyr, hare med meir. Derfor er det viktig at hogsten og forvaltningen av Vigreskogen gjeres på ein slik måte at ein ivaretar skogen sin kvalitet som natur-og-friluftsområde, og at hogstuttak skjer over ein lengre periode, slik at ein sikrer tilvekst av ny skog og opprettheld le frå den verharde jærkysten.  Til nå er rundt 265 dekar hogd, rundt halve skogen, og det er planer om ytterligare 100 dekar til. Om dette skjer kan det knapt kalles ein skog etterpå. Me krever ein plan for korleis Vigreskogen kan forvaltast på ein slik måte at skogen sine egenskaper som natur-og-friluftsområde ikkje blir ødelagt, og at denne planen har ein tydelig langsiktig tidshorisont og ikkje berre skal bli tilrettelagt som produksjonsskog eller omdisponering av areal til andre formål.			
			
				
					78 av 500 underskrifter				
				
					
				
								
					
					Se underskrifter				
				Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger			
 
            
                        
                        
				
					
					2 kommentarer:				
			
			
				
											
							
								Grete Friestad							
							
							
                            						
											
							
								Ellen Hagen