1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Stopp kutta i Seljord Kulturskule!

    Seljord, Telemark
    Stopp kutta i Seljord Kulturskule!
    Opprettet: 31.05.2026 av Håkon Fjågesund
    Sluttdato for signering: 01.12.2026
    Me aksepterer ikkje Seljord kommune sine kutt i kulturskulen. Kutta er ukloke. Dei råkar svært hardt og gjev ei minimal innsparing. Dei styrande partia i kommunen ser ikkje ut til å forstå skaden kutta medfører. Verdien av tilbodet let seg ikkje måle i kroner og øre, men er ein stor og viktig verdi som kommunen forvaltar og har eit ansvar for. Med dei vedtekne kutta svekkar ein tilbodet for born og unge i kommunen drastisk. Mange elevar vil miste tilbodet sitt til hausten, og det vil vere svært få og avgrensa plassar til nye søkarar. Eit skapande og godt fagmiljø innanfor kultur og musikk står i fare for å bli fragmentert og øydelagt. Unge drivkrefter som kunne vore med og bore kulturarbeidet i kommunen vidare vert sagt opp. Kommunestyret syner lite takksemd mot dei som har lagt ned ein stor personleg innsats i å bygge opp kulturtilbodet i kommunen. Kommunen sparar lite på dette kuttet, men råkar likevel mange tilsette i små stillingar og unge som ynskjer å nytte tilbodet til kulturskulen. Det har vore stort engasjement i denne saka og mange har skrive gode ytringar, men det har vore påfallande stille frå politikarane som har vedteke kutta. Ein kan framleis berge ein rikdom kommunen faktisk har, men det krever handling no. Me krever at dei vedtekne kutta i Seljord kulturskule reverserast!

    Én kommentar:

    Tore Sognefest

    Søndag 31.05.2026
    Det er uklokt å kutte i tilboda/tilsette slik at kulturskulen får redusert kompetanse i fleire disiplinar. Kulturskulen har alltid vore høgt verdsett i kommunen, ikkje minst fordi tilboda har vore varierte og lærarkreftene dyktige.

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.