1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Stopp avhending av Austefjord Skule bygg B

    Volda, Møre og Romsdal
    Stopp avhending av Austefjord Skule bygg B
    Opprettet: 18.06.2026 av Marthe Kalvatn
    Sluttdato for signering: 18.12.2026
    Innbyggerinitiativ – Austefjord skule bygg B I medhald av kommunelova § 12-1 fremjar vi med dette innbyggerinitiativ om politisk behandling av vedtak om avhending av Austefjord skule bygg B. Formannskapet i Volda kommune har i sak 64/26, datert 16.04.26, vedteke å leggje Austefjord skule bygg B ut for sal på open marknad, etter ein kort periode med vurdering av lokal interesse. Vedtaket gjeld ein kommunal eigedom som i dag har ein sentral funksjon som samlingsstad og aktivitetsarena i Austefjorden. Bygget inneheld mellom anna gymsal, øvingslokale og lager, og blir brukt til organiserte aktivitetar for barn, unge og vaksne, inkludert barnetrim, allidrett, dametrim, volleyball, korpsaktivitet og arrangement i regi av lokale lag og barnehage. Det finst per i dag ingen alternative eigna lokale i Austefjord som kan overta desse funksjonane. Ei avhending vil difor få direkte konsekvensar for frivillig aktivitet, folkehelse, kulturarbeid og sosiale møteplassar i lokalsamfunnet. Krav etter kommunelova § 12-1 Vi ber om at saka blir lagt fram for kommunestyret til ny politisk behandling, med vurdering av om Austefjord skule bygg B skal haldast i kommunal eige og vidareførast som lokal samfunns- og aktivitetsarena. Forslag til vedtak i kommunestyret: - Kommunestyret opphevar formannskapet sitt vedtak i sak 64/26 om avhending av Austefjord skule bygg B. - Kommunestyret ber kommunedirektøren greie ut framtidig bruk og driftsmodell som sikrar vidare kommunalt eigarskap og drift av bygget som lokal møteplass og aktivitetssenter. - Kommunestyret legg til grunn at alternative løysingar for drift i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar skal utgreiast.
    108 av 219 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    2 kommentarer:

    Gry Aanestad Moltumyr

    Fredag 19.06.2026
    La bygda leve

    Anne Petrine Ryslett

    Fredag 19.06.2026
    Nei til nedlegging av et levende bygdesamfunn.

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.