Nei til flytting av Lauvstadferje.
Møre og Romsdal
Opprettet: 16.11.2014 av Jan-Norvald Jønsson
Sluttdato for signering: 04.01.2015
Her kan ein skrive under på at ein ikkje ynskjer flytting av ferjesambandet frå Volda sentrum og ut til Morkabygda.
Samferdsutvalet gjekk einstemmig inn for å etablere ny ferjekai i Morkabygda på ferjestrekket Lauvstad-Volda. Vi meiner dette vedtaket er ei grov feilvurdering av fleire årsaker:
-Å etablere nytt ferjesamband vil vere stikk i strid med samfunnsutviklinga elles.
-Ein bør heller bruke pengane på meir framtidsretta planar (ferjefritt), og heller kople seg på planar som allereie ligg føre. Til dømes bru over Voldsfjorden. Med bru og tunnel (Syvden- Lauvstad- Folkestad- Volda) vil ein korte reisetida til sjukehuset frå Vanylven, Vågsøy og Selje.
-Ei nyetablering av ferjesamband til Morkabygda vil svekkje tilbodet for mange.
-Det er urealistisk å leggje bussrutene utom Mork/Eikrem, med tanke på tid og rutetilbod.
-Mange som i dag kan setje att bilen på Lauvstad må bruke bil. Dette vert dyrt for dei det gjeld, og medfører meir forurening.
-Ei flytting av kaia vil medføre store inngrep i naturen, ein negativ konsekvens for alle brukarar av området i Morkabygda.
-Det er omlag like langt frå Volda til Ørsta som frå Eikrem til Ørsta, men avstanden frå kaia til Volda sentrum vert betydeleg lengre. Avstanden til flyplassen frå kaia vert også den same, men kollektivtilbodet vert vesentleg dårlegare.
Med vennleg helsing Trine Mork-Bakke, Andreas Eikrem og Jan-Norvald Jønsson.
703 av 500 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
14 kommentarer:
Jan-Norvald Jønsson
Jan-Norvald Jønsson
Trine Mork-Bakke
Jan - Norvald Jønsson
Ola Nordmann
Jan - Norvald Jønsson
Jan-Norvald Jønsson
Jan-Norvald Jønsson
Åsmund Åmelfot
Jan-Norvald Jønsson
Jan-Norvald Jønsson
Kristi Drabløs
Jan-Norvald Jønsson
Jan-Norvald Jønsson