1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Personvernerklæring

    Personvernerklæringa handlar om korleis nettstaden misak.no samlar inn og brukar informasjon om besøkande på vår nettstad. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.

    KDD er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar på nettstaden.

    Misak.no
    Misak er ein nettstad for innsamling av underskrifter etter Kommuneloven § 12-1 som under visse vilkår, gir innbyggjarane ein rett til å få ei sak eller eit forslag opp i kommunestyret dersom ein forslagstillar greier å samle nok underskrifter. Nettstaden krev at underskrivaren oppgir namn og adresse. Redaksjonen i minsak.no og forslagstillar har tilgang til denne informasjonen. Nettsida publiserer ei liste over underskriftene utan adresse. Dersom forslaget også vert sendt vidare til kommunen, vil kommunen motta denne informasjonen, og han vil vere offentleg tilgjengeleg inkludert namn og adresse til dei som har skrive under.

    Meir om innbyggjarforslag finn du på regjeringen.no .

    Behandling av namneopplysningar
    Namneeopplysningane vert lagra fortløpande under sikre forhold på tenaren der misak.no ligg. Namneopplysningane med adresse og postnummer vert ikkje brukt til noko anna formål enn at dei blir sende inn til kommunen såframt forslagsstillar vel å sende inn forslaget. Namnet, adresse og postnummer til underskrivarane er nødvendig for at kommunen skal kunne sjekke om underskriftene er rette og for at forslagstilleren skal kunne redigere bort underskrifter frå ikkje-busette i kommunen. Forslagstillaren må oppgi namn og adresse for at kommunen skal kunne vite kven som er ansvarleg for forslaget.

    Brukarane har rett til å få innsyn i opplysningane dei legg inn.

    Kommentarer
    Alle forslag og tilhøyrande kommentarar,vert lagra på tenaren der misak.no ligg.

    Dersom du har publisert kommentarar som du ønskjer å slette, kan du ta kontakt med oss slik at vi kan vurdere det. Men du har ikke krav på sletting av ytringar. Forslagsstillaren kan sjølv slette forslag som blir lagt ut på misak.no.

    Webanalyse og informasjonskapslar (cookies)
    Det blir samla inn opplysningar om bruken av nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøyet Google Analytics . Vi brukar dette verktøyet for å få informasjon om omfanget av bruken av sida. Dette gir oss for eksempel informasjon om trafikken er tilstrekkeleg stor til at det er grunn for å oppretthalde tilbodet. Det gir oss også informasjon i evalueringa av sida til bruk når det eventuelt skal gjerast endringer i utforminga av sida.

    Google Analytics bruker informasjonskapslar/cookies (små tekstfilar som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren), som registrerer IP-adresse til brukaren, og som gir informasjon om den enkelte brukaren sine bevegelsar på nett. Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker nettstaden, kor lenge besøket varer, kor brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson.

    Informasjonen fra Google Analytics blir lagra på serverane til Google. Mottekne opplysningar er underlagt  Googles retningsliner for personvern .

    Dele-tjenesten
    Dele-funksjonen kan brukast til å vidaresende lenker til saka på e-post, eller til å dele innhaldet på sosiale nettsamfunn. Opplysningar vert ikkje logga hjå oss, men vert brukt kun der og då til å legge inn saka hjå nettsamfunnet. Vi kan ikkje garantere at nettsamfunnet ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør derfor brukast med vett.

    Korleis handtere informasjonskapslar i din nettlesar
    På  www.nettvett.no   kan du lese om korleis du  stiller inn nettlesaren for å godta/avvise informasjonskapslar , og korleis du  slettar informasjonskaplar .

    Kontakt
    Dersom du ønskjer informasjon om korleis vi handterer informasjon som kjem inn til misak.no kan du  ta kontakt med oss .