Nei til bygging av ny kyrkje i Ulstein kommune
Ulstein, Møre og Romsdal
Oppretta: 25.01.2017 av Peter Skinnes
Sluttdato for signering: 01.11.2017
Ulstein kommune har til no bevilga 1,7 millionar kroner til ein konkurranse og eit skisseprosjekt for bygginga av ei ny kyrkje i Ulsteinvik. Dette er før det har blitt lagt ein einaste stein.
Kyrkja er berekna å koste 60–80 millionar kroner totalt, og vi er redde for at deler av dette må dekkjast av kommunale midlar. I tillegg kjem vedlikehald for å oppretthalde to presentable kyrkjer i uoverskueleg framtid. Vi er redde for at dette er berre byrjinga på ein evigvarande utgiftspost. Dette skjer samstundes som at fleire offentlege tenester i kommunen er underbemidla og kommunen opplever auka arbeidsløyse og permitteringar.
Vi er inne i ei økonomisk vanskeleg tid etter fleire år med storstilt bygging, og no bør kommunen være forsiktig med pengebruken, ikkje koste på seg unødige prestisjeprosjekt.
Hjelp oss med å sende eit klårt signal til kommunestyret om at den gamle, gode kyrkja vår er meir enn god nok slik ho er.
Med 170 underskrifter (2 % av Ulsteins befolkning) er kommunestyret forplikta til å lese og behandle saka. Jo fleire som skriv under på kampanjen, dess større påverknad vil ho ha. Hjarteleg takk til dei som engasjerer seg.
Nei til å vedta bygging av ny kyrkje i Ulsteinvik.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Fakta:
Kirkelovas LOV-1996-06-07-31 jmf. §21 stadfestar at:
«Ny kirke skal bygges når en kirke er tilintetgjort eller på grunn av vesentlige mangler er ubrukbar og ikke kan utbedres, når den under vanlige gudstjenester ikke gir tilstrekkelig plass for de kirkesøkende og ikke hensiktsmessig kan utvides, eller når det dannes et nytt sokn der det fra før ikke er kirke.
Ny kirke skal i kirkerommet ha sitteplass til en tidel av Den norske kirkes medlemmer i soknet. Det kreves likevel minst 200 og ikke mer enn 500 sitteplasser.»
Kirken i Ulstein kommune oppfyller samtlige krav som står beskrevet i §21 i kirkeloven, og det finnes derfor ingen belegg for kravet om ny kyrkje.
Den noverande kyrkja er ikkje for lita, då ho rommar 400 besøkande, og har god plass ved vanlege gudstenester. Ifølge årsmeldinga til Ulstein sokn har antal gudstenestedeltakarar sunket med 8,2 prosent frå 2008 til 2015, og dersom denne trenden fortsetter, vil behovet for ei ny og større kyrkje fortsette å synke i framtida.
237 av 178 underskrifter
Sjå underskrifter
Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
4 kommentarar:
Noel Dunstan
Anny Ulstein
Jørn Hoel
Karl Johan Von Torvik