Hald på dagens skulestruktur i Vik kommune!
Vik, Vestland
Opprettet: 30.08.2018 av Bjørg Fritsvold
Sluttdato for signering: 10.09.2018
Til folkevalde i Vik kommune!
Oppmoding frå Arnafjord Bygdalag, Feios Bygdalag, Fresvik Bygdalag og Vangsnes Bygdalag til Vik kommunestyre:
Hald på dagens skulestruktur i Vik kommune!
Saka om skulestrukturen i Vik kommune kjem opp på nytt, under eitt år etter at kommunestyret vedtok at den skulle vera uendra. Me underteikna forventar at kommunestyret følgjer sin eigen kommunedelplan for skule om at «skulestrukturen skal vera uendra i planperioden fram til 2024, så lenge elevgrunnlaget er til stades og nye krav til kompetanse, pedagogisk opplegg og bygningsmessige rammer kan oppfyllast». Desse atterhalda ser me ikkje gjev grunnlag for endring i skulestrukturen no. Skulane i Vik held ein høg kvalitet – det er også stadfesta i same dokument. Me er uroa over det negative omdømmet Vik kommune har fått ved at skulestrukturen har vore i spel i snart to år. Me vil ha ro til å ta tak og utvikla bygdene våre. Følgjande er viktige moment i saka:
Skulen i bygda er avgjerande for å styrke busetjinga og næringslivet på kort og lang sikt – og for det sosiale: jamfør tekst frå kommunedelplan for skule: «Skulane sin funksjon som fritidsarena, møtestad og kulturhus i bygdene må vidareutviklast». Men bygda er også viktig for skulen som læringsarena, og slik som framheva i kommunedelplan for skule: «Grunnskulen skal gi gode oppvekstvilkår og læring med forankring i lokalmiljøet, og øva opp evne og vilje til aktiv deltaking i samfunnet». Familiar vil ikkje flytta til ei bygd der borna vert frakta lange vegar. Tida på bussen stel verdifull fritid frå borna, og så dertil kjem risikoen for ulukker. Di lenger borna går på skule i eiga bygd di tryggare vert dei og di sterkare vert tilknyting til heimstaden og dermed lysta til å flytta heimatt som vaksne.
Me ynskjer å medverka til å utvikle bygdene våre til levande bygder, slik kommuneplanen seier at det skal vera i Vik kommune. Men me saknar aktiv medverknad frå kommunen med å fremja og marknadsføra Arnafjord, Vangsnes, Feios og Fresvik som attraktive område for busetjing og næringsutvikling og vonar sterkt at dette blir betre frå no av.
Bygdalaga oppmodar innbyggjarar i Vik kommune som støttar dette om å signere dette oppropet.
345 av 52 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
12 kommentarer:
Bjarne Larsen
Henning Nordmoen
Kristoffer Uppheim
Dag Einar Bøtun
Bjarne Larsen
Solrun B.
Erfaren elev
Ove Breilid
Ove Breilid
Kari Helene Flæte Lyngset
Bente Settevik
Gry Skogheim