1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Folkeavstemming, Midsund ut av Molde.

    Molde, Møre og Romsdal
    Folkeavstemming, Midsund ut av Molde.
    Oppretta: 26.11.2021 av Harald Elias Werkland Akselvoll
    Sluttdato for signering: 26.05.2022
    Ved folkeavstemminga i Midsund 25. april 2016 stemte 74,7% for å slå seg saman med Aukra, 23,1% for å slå seg saman med Molde-Nesset-Gjemnes og 2,2% stemte blankt. Som berre ein av fem kommunar i Noreg opererte ikkje Midsund med alternativet «halde fram som eigen kommune» på stemmesetelen, noko som blir trekt særleg fram når Institutt for samfunnsforskning stempler ein tredjedel av avstemmingane i reformen for udemokratiske i sin rapport frå november 2017. Det var gjort ei innbyggerhøring i kommunal regi i perioden før folkeavstemminga 2016; nær to av tre ønska å halde fram som eigen kommune. Kommunestyret fekk overlevert kring 800 underskrifter, langt over halvparten av alle stemmeberettiga i Midsund, som ønska avgjerdsla utsett i påvente av avklaring kring Kjerringsundet før kommunestyremøtet 23.juni 2016. Like fullt vedtok kommunestyret 23.juli 2016 samanslåinga med Molde, Gjemnes og Nesset (Gjemnes vart ikkje med på samanslåinga). Vedtaket skjedde mot eit særleg godt dokumentert fleirtal si meining og kan ikkje tolkast som anna enn tvang. Me ber difor Molde kommune halde ei ny folkeavstemming i gamle Midsund kommune for å kartlegge folkevilja kring kommuneinndeling og forventer at resultatet av denne blir respektfullt lytta til i vidare handsaming.
    372 av 300 underskrifter
    Sjå underskrifter Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
    Denne saka er avslutta. Kommentarfeltet er derfor stengd for nye kommentarar.

    9 kommentarar:

    Reidar Tangen

    Laurdag 27.11.2021
    Signerer

    Andreas Olsen

    Fredag 26.11.2021
    Signert!

    Irmantas Gudeliunas

    Fredag 26.11.2021
    Signerer

    Kay Ronny Otting

    Fredag 26.11.2021
    Signerer

    Daina Paulauskaite

    Fredag 26.11.2021
    signerer

    Hildegunn Kirkeland

    Fredag 26.11.2021
    Signerer

    AnnElin Nygård Myhre

    Fredag 26.11.2021
    Dere må trykke på der det står "skriv undet sak"

    Karle Lervik Fredag 26.11. 2021

    Fredag 26.11.2021
    Signerer

    Oda Sofie Orvik

    Fredag 26.11.2021
    Signerer.