Er overføring av Røldal-Suldal Kraft til Lyse Kraft DA lovleg?
Vestland
Oppretta: 24.11.2023 av Helleik Rabbe
Sluttdato for signering: 24.01.2024
Skal nye lovar ha tilbakevirkande kraft? Nei – ikkje i samsvar med Norges Grunnlov!
Likevel vedtok regjeringa Solberg å la nettopp dette skje ved handsaming av Heimfallsretten til Røldal-Suldal Kraft. I den opprinnelege konsesjonskontrakten frå 21. 12. 1962, heiter det at inntil 1/3 av kraftproduksjonen tilfalla vertskommunane den 22.12.2022.
Slik vart det ikkje.
Kraftproduksjonen ved Røldal Suldal Kraft er minst 3,2 TWh årleg.
Den totale verdien av krafta vil vera kr 3,2 Mrd når kraftprisen er
1 kr/kWh i kraftmarkedet. Som kjent er dagens kraftpris ofte fleire kroner høgare i lange periodar. I og med at avtalen ikkje er tidsavgrensa vil verdien over levetida bli mange tusen milliardar kroner. Dette vil vera tap for fellesskapet ved stat, fylke og vertskommunane.
Innbyggjarinitiativet i Ullensvang kommune ønsker å bringa saka inn til vedtak på Vestland Fylkesting i desember 2023. Då treng me 500 signaturer fra folket i Vestland Fylke i løpet av helga.
Utkast til Fråsegn frå Vestland Fylkesting til Regjeringa Støre:
Fråsegn:
Regjeringa Solberg valde i vedtak av 2021 å la Hydro inngå kompaniskap med Lyse Kraft. Dette medfører at Hydro i all framtid vil kunna disponera ca. 80% av krafta frå Røldal-Suldal Kraft.
Vestland Fylkesting ber Regjeringa Støre om ei Granskning av lovligheten av Vedtaket som fråtek Vestland Fylke/Ullensvang Kommune og Rogaland Fylke/Suldal Kommune enorme verdiar for all framtid.
Vedtaket er i strid med den opphavlege konsesjonsavtalen av 21. 12. 1962, som var i form av ein kongeleg resolusjon, som hadde krav om heimfall til staten for vasskraftanlegget Røldal-Suldal (RSK) etter 60 år, har Hydro Energi AS (Hydro) saman med Lyse, tileigna seg gratis og evigvarande konsesjon for kraftanlegget.
Dette er i strid med den opphavlege konsesjonsavtalen av 21. 12. 1962, som var i form av ein kongeleg resolusjon, som hadde krav om heimfall til staten for vasskraftanlegget Røldal-Suldal (RSK) etter 60 år, har Hydro Energi AS (Hydro) saman med Lyse, tileigna seg gratis og evigvarande konsesjon for kraftanlegget.
Forslag til fråsegn og vedtak frå Vestland Fylkesting til Regjeringa Støre i desember 2023:
Vestland Fylkesting ber om at Regjeringa Solberg si handsaming av Heimfallsrettane til Vestland Fylkeskommune/Ullensvang kommune og Rogaland Fylkeskommune/Suldal kommune knytt til kraftanlegga ved Røldal Suldal Kraft vert granska av et eige utval. I den opprinnelege konsesjonsavtalen heiter det at inntil 1/3 av hjemfalte verdier slik industrikonsesjonslova bestemmer skal tilfalla vertskommunane etter 60 år. Denne avtalen er broten av Regjeringa Solberg.
Løysinga kring Lyse Kraft og handsaminga av Hydro sitt konsesjonsbaserte tidsavgrensa eigarskap kan vera både i strid med Grunnlova og Avtalelova og må granskast. Det er også Brot på EØS-lova sitt forbod mot subsidiering og konkurransevridning.
846 av 500 underskrifter
Sjå underskrifter
Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
28 kommentarar:
Helleik Rabbe
Ragnhild Tvedt
Ragnhild Helle
Torvald Håvardstun
Gunnar Helleland
Jorun Sirnes
Kurt Hjelle
Olaf Gravdal
Øyvind Kaldheim
Egil Jacobsen
Robert Johansen
Terje Berge
Marit Bjørkum Aven
Jorunn Grindheim
Olav Rabbe
Eli Johanne Hope
Helleik Rabbe
Olav Rabbe
Olav Rabbe
Per K Måkastad
Per Christian Øyen
Vebjørn Seim
Kjetil Grønsdal
Helleik Rabbe
Jan Gunnar Halsøy
Ivar Rosten
Odvar Nestås
Janne Pedrikke Hamre