Er overføring av Røldal-Suldal Kraft til Hydro og Lyse lovleg?
Rogaland
Oppretta: 27.11.2023 av Olav Rabbe
Sluttdato for signering: 27.05.2024
Skal nye lover ha tilbakevirkande kraft? - Nei, ikkje i samsvar med
Norges Grunnlov!
Heller ikkje etter EU-retten. (Norge er no gjennom EØS-avtalen underlagt EU-retten.)
Skal gamle løfte kunna brytast berre ein er rik og mektig? - Nei, det
er ikkje lovleg etter gamal norsk rett.
Kan eit selskap lovleg subsidierast med gigantiske pengesummar / kraftverdier på felleskapet sin kostnad? - Nei, etter EØS-avtalen er det ulovleg.
Kan styresmaktene gripa inn og endra ein gamal avtale, utan å ha
ekspropriasjonsrett? - Nei, det er og imot sikker norsk rett.
Likevel vedtok regjeringa til Erna Solberg å la nettopp dette skje ved
handsaming av Røldal-Suldal Kraft (RSK) - eit av Norges største og mest
verdifulle vasskraftverk.
Regjeringa Solberg valde i vedtak av 11. juni 2021 å la Hydro Energi AS
(Hydro) inngå kompaniskap med Lyse. Då var det alt gått eit halvt år sidan Hydro og Lyse hadde delt RSK mellom seg. Hydro melde først om avtalen i ei børsmelding den 21. oktober 2020, og dei sende ut ei ny børsmelding 1. januar 2021 om at avtalen var gjennomført og aktivert ved det nye selskapet Lyse Kraft DA.
Dette medfører at den krafta Hydro no disponerer tilsvarer omlag 80% av produksjonen i Røldal-Suldal Kraft.
Opprinneleg konsesjonskontrakt, som er i form av ein kongeleg
resolusjon er underskriven av kong Olav V og statsminister Einar
Gerhardsen. I samsvar med kontrakten datert 21.12.1962 er det nøye spesifisert at Røldal-Suldal Kraft skal gå til heimfall etter 60 år.
Slik vart det ikkje.
Hydro Energi AS (Hydro) saman med Lyse, har tileigna seg gratis
og evigvarande konsesjon for kraftanlegget.
I to dåverande lover, som begge framleis gjeld, heiter det at inntil 1/3
av kraftanlegga skal tilfalla vertskommunane når heimfall skjer. Datoen
for då heimfall skulle ha skjedd for RSK var den 22. 12. 2022.
RSK produserer minst 3,2 milliardar kWh elektrisk kraft årleg.
Den totale verdien av krafta vil vera 3,2 milliardar kroner når kraftprisen er 1 kr/kWh i kraftmarknaden.
Som kjent er dagens kraftpris ofte fleire kroner høgare i lange periodar. I og med at avtalen ikkje er tidsavgrensa vil verdien over levetida bli mange tusen milliardar kroner. Dette vil vera tap for fellesskapet ved stat, fylke og vertskommunane.
Brotet på konsesjonskontrakten fråtek Rogaland fylke/Suldal kommune og Vestland fylke/Ullensvang kommune enorme verdiar for all framtid.
Dei viktigaste lovbrota som Hydro her har gjort seg skuldig i er:
1. Brot på rettsleg bindande avtalar mellom anna frå då selskapet godtok konsesjonsvilkåra.
Jf. Lov av 15. april 1687, 1. Cap., Art. 1 & 2.
2. Brot på Grunnlova § 97 og tilsvarande forbod i EU-retten.
Jf. dr. juris Olav Kolstads juridisk vurdering for Hjemfallsutvalget
i 2004. (NOU 2004-26)
3. Brot på det klare forbodet mot subsidiering, og mot
konkuransevridning, i EØS-lova, jf. Art 61.
Dette innbyggjarinitiativet ønskjer å bringa det som her har skjedd inn
for fylkestinget i Rogaland.
Det trengs kun 500 underskrifter, men me ynskjer at mange fleire signerer, så berre signer sjølv om minstekravet er nådd.
Det er inga nedre aldersgrense for å kunna signera, men du må vera busett i Rogaland.
Tilsvarande initiativ til Vestland fylkesting er alt signert av mange nok
personar i Vestland fylke.
Kravet me ber deg støtta er følgjande:
Forslag til fråsegn og vedtak:
Rogaland fylkesting vedtek å bidra til at det blir gjort ei uavhengig
granskning av om det som skjedd med Røldal-Suldal Kraft er lovleg
når den opprinnelege konsesjonskontakten frå 21. 12. 1962 er broten av den eine parten, Hydro Energi.
509 av 500 underskrifter
Sjå underskrifter
Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
18 kommentarar:
tom olsen
tom olsen
Marianne Wærenskjold
Eilif Johannesen
Rune Folkvord
Morten Lindboe
Olav Rabbe
Per K Måkastad
Leif Sørensen
Bente Sjo
Per Terje Liestøl
Vilhelm Sunnanå
Magnus Hovda
Helleik Rabbe
Thomas J. Middelthon
Liv Marie Sandve
Fritz Fjellaker
Mette Haugen