Krav om utarbeiding av ny, heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunen før vedtak om reguleringsplan for Holmaneset vert politisk handsama
Bremanger, Vestland
Oppretta: 18.08.2024 av Frode Steinset
Sluttdato for signering: 18.02.2025
Det vert synt til Kommunelova § 12 – 1 Innbyggerforslag, og i tråd med denne paragrafen ber Folkeaksjonen mot etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset om at Bremanger kommunestyre fattar følgjande vedtak:
Bremanger kommunestyre ber om at det vert utarbeidd ei kommunal, heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) i samband med FFI sitt ønskje om å utvide og omregulere industriområdet på Holmanes-området knytt til deira planar om å etablere hydrogen- og ammoniakkfabrikk.
Endeleg handsaming av arealplanen for området vert utsett til Bremanger kommunestyre har hatt høve til å ta stilling til konsekvensane eventuelle uønskte hendingar som utslepp av ammoniakk vil kunne få for menneske og natur i området.
ROS-analysen må sjå på alle situasjonar som kan føre til uønskte hendingar, både på sjølve fabrikken, i samband med lasting av ammoniakk og i samband med transport innan kommunen.
ROS-analysen må innehalde simuleringar som syner korleis eit eventuelt utslepp av ammoniakk kan spreie seg og i kva grad ei slik ammoniakksky kan vere til skade for folk og natur. Blant desse simuleringane må ein òg sjå på kva konsekvensar eit storutslepp av ammoniakk vil kunne få.
Simuleringane må utførast av uavhengige fagmiljø med spesialkompetanse innan dette feltet. Fagmiljø som har vore knytt til FFI på noko vis, skal ikkje nyttast. Resultata frå analysen må fagfellevurderast av andre fagmiljø med slik kompetanse.
ROS-analysen må dokumentere korleis det er mogleg å sikre natur, folk og verdiar mot eventuelle ulukker ved å synleggjere endra behov for infrastruktur og auke i utstyr og bemanning knytt til auka beredskap.
I samband med dei økonomiske konsekvensane, ber kommunestyret om at det òg blir lagt fram konkrete kostnadsoverslag over infrastrukturendringar, investeringar og drift den auka beredskapen vil føre til.
Grunngjeving
Det vert synt til DSB sin Rettleiar til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunen, der det står:
«Det er viktig at heilskapleg ROS speglar risiko- og sårbarheitsbiletet. Det betyr at endringar i risiko- og sårbarheitsbiletet gir behov for å oppdatere heilskapleg ROS.
Endringar i risiko- og sårbarheitsbiletet kan t.d. skuldast ny kunnskap om særlege utviklingstrekk som klimaendringar, endringar i den tryggleikspolitiske situasjonen og ved etablering av ny verksemd.»
(Kjelde: RETTLEIAR TIL HEILSKAPLEG RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE s 14)
Føremålet med den heilskaplege risikoanalysen er å sikre at kommunen skal kunne ivareta sitt lovpålagde ansvar for samfunnstryggleik, definert som:
«Evna som samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare. Slike hendingar kan vere utløyste av naturen, vere eit utslag av tekniske eller menneskelege feil eller medvitne handlingar.»
(Kjelde: RETTLEIAR TIL HEILSKAPLEG RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE s 6)
Bremanger kommune har altså eit sjølvstendig, lovpålagt ansvar for til ei kvar tid å ha best mogleg oversikt over kva som kan true samfunnstryggleiken og sikre at dei har tilstrekkeleg beredskap til å meistre dei utfordringane som kan oppstå. Sentralt i slikt arbeid er å førebygge slik at ein hindrar at uønskte hendingar kan skje.
I FFI sine planar om bygging av hydrogen- og ammoniakkfabrikk ligg det at dei vil etablere ein lagringstank for omlag 30.000 tonn flytande ammoniakk.
I dei to sitata over er det enkelte punkt som er vel verdt å legge merke til:
• Klimaendringar (vi veit at klimaendringane kan føre til meir ekstremver og dermed større risiko for ulukker i samband med dette både til lands og til sjøs)
• Endringar i den tryggingspolitiske situasjonen (det er vel kjent at NATO, EU og dei fleste regjeringane i vårt nærområde vurderer at den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er sterkt forverra på grunn av krigen mellom Russland og Ukraina og Israel si brutale framferd mot det palestinske folket i Gaza)
• Etablering av ny verksemd (FFI sine planar om å etablere ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset betyr etablering av ei storulukkeverksemd med stort potensiale for svært alvorlege hendingar)
• DSB peikar spesifikt på at det òg er ein risiko for at uønskte hendingar kan komme av medvitne handlingar (slike handlingar kan t.d. vere terror- eller krigshandlingar)
Folkeaksjonen vil peike på at kommunen sitt ansvar for ei heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i samband med ei eventuell etablering av FFI sin hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset IKKJE vert løyst gjennom FFI sitt eige ansvar for å utarbeid si ROS-analyse for fabrikken. Både kommunen og FFI har begge sjølvstendig ansvar for sine område.
Sjølv om fabrikken vert bygd etter den beste teknologien som finst knytt til sikring mot utslepp i samband med lagring og lasting av ammoniakk til tankskip, kan ein aldri sikre seg 100 prosent mot uhell og ulukker som inneber utslepp av flytande ammoniakk. Også når ammoniakken er lasta om bord på tankskip, kan det skje uhell som kan føre til større eller mindre utslepp av ammoniakk medan skipet er innanfor Bremanger kommune sine grenser og slik kan påføre skade på natur og menneske i kommunen. Produksjonen av hydrogen har ein sjølvstendig risiko for brann og eksplosjon, og dette må òg sjåast på, knytt til kva kommunal beredskap ein treng for å handtere ein eksplosjonsarta brann i fabrikken med fare for ammoniakkutslepp.
Det er ikkje utenkeleg at ein i samband med lasting av ammoniakk kan få utslepp av ammoniakk til sjø. Det same kan skje dersom eit skip fullasta med ammoniakk får problem med kollisjon, grunnstøyting, motorhavari eller andre vanskar. Kva konsekvensar vil slike utslepp kunne få for folk og natur?
Den aller største uroa er dersom tanken på ein eller annan måte skulle kollapse og inntil 30.000 tonn flytande ammoniakk skulle velte ut og danne ei enorm sky av giftig ammoniakk blanda med vassdamp frå lufta og sjøen. Korleis vil ei slik sky påverke livet og naturen på land og i sjøen i nærleiken, og kva konsekvensar vil det ha om denne skya kan nå busetnader i Midtgulen og i Nordgulen, som til Nesbø, Dyrstad, Birkelia, eller Eikeland.
Kva beredskap vil Bremanger kommune etablere som kan rykke ut langs smale vegar, gjennom giftig ammoniakkdamp for å redde liv og helse?
Folkeaksjonen fryktar katastrofale konsekvensar om ammoniakkskya skulle kunne nå heilt inn til Svelgen!
Folkeaksjonen er vel kjende med at FFI ønskjer å bygge fabrikken etter den sikraste teknologien som i dag finst, men som alle veit, kan uønskte hendingar likevel skje. Feil i konstruksjonar, menneskeleg svikt, datafeil, materialtrøttleik og anna kan føre til uhell, og utslepp på grunn av ytre hendingar som naturkatastrofar eller villa hendingar (terrorisme eller krigshandlingar) kan føre til alvorlege utslepp.
Vi vert dagleg minna på korleis statar i krig, slik som Russland og Ukraina, bombar motstandaren sin kritiske infrastruktur. Vi ser at til og med atomkraftverk vert utsett for åtak. Ut frå eit scenario der Noreg vert utsett for militære åtak eller terrorisme, er det ikkje utenkjeleg at Holmaneset kan verte eit mål for slike åtak, og vi veit at NATO vurderer faren for væpna konflikt med Russland som større enn på svært mange år. Difor får òg folk i Noreg råd om å styrke eigen tryggleik med lager av vatn og mat. Faren for krig vert altså vurdert som reell, også i vår tid.
Med bakgrunn i slik risiko, ber Folkeaksjonen om at Bremanger kommune utarbeider ei heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunen der ein òg dokumenterer kva konsekvensar både mindre hendingar og eit eventuelt storutslepp av ammoniakk vil kunne få for natur og folk i nærleiken av fabrikken, og kva beredskap kommunen må ha for å handtere slike hendingar.
Som ein del av denne analysen må det lagast simuleringar som syner korleis ei eventuell ammoniakksky etter eit storutslepp av ammoniakk vil kunne breie seg, og kor store konsentrasjonar av ammoniakk det vil kunne vere i ei sky som kan nå inn til folk der dei bur.
For å sikre størst mogleg uhilda analyse, må simuleringa og analysen av desse utførast av andre, uavhengige fagmiljø enn dei FFI har nytta i sine utgreiingar. Resultata må fagfellevurderast av andre, uavhengige instansar, og NILU, som truleg har Noregs beste kompetanse på dette området, har i mail til Folkeaksjonen 15.04.2024 sagt seg villige til å gje ei slik "second opinion".
Folkeaksjonen mot hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset håper Bremanger kommunestyre ser at det er naudsynt å få utført ei slik heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse før dei får saka om arealplanen for Holmaneset til behandling. Med den kunnskapen ei slik heilskapleg ROS-analyse gjev, vil kommunestyret ha eit endå betre kunnskapsgrunnlag for å forstå konsekvensane denne utbygginga kan få for folk i Bremanger kommune.
Med helsing
Styret i Folkeaksjonen mot hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset
Frode Steinset
styreleiar
103 av 69 underskrifter
Sjå underskrifter
Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
Ingen kommentarar.