1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Opprop mot hotellplanar i Bryggjeparken

    Fyresdal, Telemark
    Opprop mot hotellplanar i Bryggjeparken
    Oppretta: 25.04.2026 av Erlend Takle Nesland
    Sluttdato for signering: 25.10.2026
    Prestestronda i Bryggjeparken er statleg sikra for allmenn bruk – og det gir kommunen klare plikter etter lova. Eit statleg sikra friluftsområde kan ikkje omdisponerast til hotell eller andre privatiserande tiltak utan ein grundig, open og dokumentert prosess. Miljødirektoratet slår fast at statleg sikring i seg sjølv er «god nok grunn til å ikkje akseptere omdisponering», og Statsforvaltaren skal føre tilsyn med at kommunane følgjer desse reglane. Likevel ønskjer kommunen no å søke omdisponering utan høyring og utan at innbyggjarane får kome til orde. Det er ikkje i tråd med god forvaltningsskikk, og det svekkar både rettstryggleiken og tilliten til prosessen. Vi krev at kommunen stoppar prosessen, legg saka ut på høyring og respekterer at Bryggeparken er eit felles friluftsområde – ikkje ei byggjetomt.

    3 kommentarar:

    Marianne Hvitster

    Laurdag 25.04.2026
    Virker som Fyresdal tenker mer på turister enn de som velger å bo i kommunen. Nei takk til at denne plassen blir hotell. Og nei takk til datasenter og.

    Astrid Jupskås

    Laurdag 25.04.2026
    Området blir ofte brukt til tur, grilling, samlingsplass, bading og lek både av fastboende og turister. Det bør fortsatt være et sted for rekreasjon for befolkningen. Å legge bygg så nær kirke og kirkegård er heller ikke ønskelig. Området har også en unik natur og bygging her vil ødlegge et svært vakkert område. Finn andre alternativ og behovet for hotell bør være et realistisk langsiktig behov og ikke bare et kortsiktig ønske.

    Lena nørstrud

    Laurdag 25.04.2026
    EG ER SKREMT OG STERKT I MOT DETTE OG DATASENTERET. SÅÅÅ MYKJE NATUR SOM ØDELEGGES. STAKKARS FUGLER og DYR MED REDER OG HI... HUFF.. BRUK HELLER PENGER PÅ UNGDOM,PSYKISK HELSE OG.. UNGE UFØRE SOM TRENG HJELP I KVARDAGEN UTEN Å BLI BELASTA ØKONOMISK.

    Legg til kommentar

    Kommentarar som ikkje er signert med fullt namn, eller på anna vis bryt med vilkår for bruk, vil bli sletta.

    Skriv under denne saka

    Fyll inn namn, adresse og postnummer for å signere saka. Du må oppgje desse opplysningane slik at signaturen din kan verifiserast.