Tilskotsordning til privatebarnehagar
Alver, Vestland
Álggahuvvon: 27.05.2019 bokte Kristin Bredholt
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 27.06.2019
Ny bemanningsnorm i kommunale og private barnehagar.
1. august 2018 fekk vi ei nasjonal bemanningnorm som skal sikra at alle born får det same gode tilbodet i alle barnehagar i Norge. Men ikkje alle barnehagar får løyving av pengar for å innfri kravet.
Bemanningsnorma er ikkje fullt ut finansiert av regjeringa, men barnehagane har likevel fått frist til å følje ho innan 1. august 2019. Kommunen kan då med «lova i hand» forskjellsbehandle barna i barnehagane, ettersom tilskotet i dei private barnehagane vert basert på to år gamle kommunale rekneskap. Dette vil i praksis seie at dei private barnehagane tidlegast frå 2021 vil motta tilskot som tek høgde for den nye bemanningsnorma, medan dei offentlege barnehagane får overført midlar frå kommunen allereie no.
Satsane for dei private barnehagane er basert på bemanning i 2017, det vil sei bemanning på 6,4 barn per tilsett. Lindås kommune har pr i dag bemanna opp for å imøtekomme nye krav på 6,0 barn per tilsett. Dette vil gje barnehagane er meirkostnad på kr. 10 423,- per småbarnsplass og kr. 5790,- per barn over tre år. Etter dagens modell vil ikkje private barnehagar få dette påslaget før 2021, sjølv om kravet til bemanning er gjeldene frå august 2019.
Dette meiner vi er forskjellsbehandling av borna i barnehagane og det truar drifta og skapar færre moglegheiter for tilbodet til borna i dei private barnehagane.
Barnehageloven seier at private barnehagar skal behandlast likeverdig med kommunale barnehagar i forhold til offentleg tilskot. Lindås kommune bør derfor ikkje forskjellsbehandle barnehagebarn ut frå kven som eig den enkelte barnehage! Det står blant anna i barnehagelova §14, tredje avsnitt:
«Godkjente ikke-kommunale barnehager, jf. første og andre ledd, skal behandles likeverdig med kommunale barnehager i forhold til offentlig tilskudd.»
Kva ønskjer vi å oppnå med å ta opp denne saka?
Ny bemanningsnorm med fleire vaksne i barnehagen er ei kvalitetsheving!
Men det medføre også auka kostandar for barnehagane. Vi ynskjer likebehandling og tilstrekkeleg tilskot frå Lindås kommune for å kunne sikre dei private barnehagane ei god og føreseieleg drift og ein trygg kvardag for born, foreldre og tilsette.
I dag skal vi innfri ei ny bemanningsnorm med ein 2 år gammal tilskotssats, nokon som er heilt uakseptabelt og umogeleg utan at det medføre negative konsekvensar for den einskilde barnehage.
Vi ber om at politikarane i Lindås ser at dette er urimeleg forskjellsbehandling av barnehagane i kommunen og løyver ekstra tilskot, også til private barnehagar for åra 2019 og 2020!
Helsing foreldra i alle private barnehagar i Lindås kommune
Natås Barnehage v/Eirin Buene
Solhaugen Barnehage v/ Stian Fanebust
Alversund Montessori Barnehage v/ Simen Vikdal
Seim Barnehage v/ Elisabeth Idsø Gjerde
Knarvik Barnehage v/ Sandra Vågstøl-McClurg
Trollskogen Barnehage v/ Iselin Helland Rundhovde
Wilhaven Barnehage v/ Marit-Christin Samuelsen
Ostereidet FUS Barnehage v/ Lene Bjånes Hindenes
Leiknes FUS Barnehage v/ Anette Tonning Wichstrøm
Barnas Barnehage Hundvin v/ Helene Lyssand
Barnas Barnehage Kløvheim v/ Heine Milde-Nævdal
Smilehullet Familiebarnehage v/ Tom Lennart Sætersdal
Lykkeliten v/ Anita Nelson
Okta kommentára: