1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til bompenger på FV 57 Dale - Storehaug

    Sunnfjord, Vestland
    Nei til bompenger på FV 57 Dale - Storehaug
    Opprettet: 11.06.2019 av Sveinung Furnes
    Sluttdato for signering: 18.06.2019
    Statens Vegvesen bed Gaular kommune i brev dagsett 12.04.19 fatte eit prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug. Gaular kommune skal etter planen ta stilling til dette 20. juni 2019. Statens Vegvesen skriv i tilrådinga at det er naudsynt å fatte prinsipielle vedtak om relativt høge bompengesatsar. Det føreligg 2 alternativ med inntil 3 bomstasjonar, 2 i området Setenes – Storehaug og ein i området Osen – Sande. I tilrådinga er oppgitt bompengar på nærare 60 kroner ved kvar passering. Dette vil kunne tilsvare ein kostnad for kvar bil på 2880 kroner pr. månad (60 passeringer/20% rabatt). For ein typisk familie med 2 bilar vil dette utgjere opp mot 6000 kr pr. månad, ca. 70 000 kroner pr. år eller 1 million kroner over 15 år. Det er venta at berre 50-60% av bompengane vil gå til vegbygging, resten vil gå til driftskostnader. Bygstad skulekrins vil ved denne tilrådinga bli «innesperra» med bompengestasjonar. Med dei høge bompengesatsane som er førespegla, vil dette få svært store økonomiske konsekvensar for folk som er tilknytt skulekrinsen. Dei fleste arbeider på Sande, i Førde eller Fjaler. Folk må passere bomringen for å kome til skule, barnehage, lege, helsestasjon og sosiale aktivitetar. Deler av lokalt næringsliv vil få auka transportkostnader. Med slike ekstra utgifter vil det ikkje bli attraktivt å flytte til Bygstad skulekrins. Vi kan ikkje godta at Gaular kommune fattar eit prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av fylkesveg 57 Dale – Storehaug slik det er tilrådd. Vi vil tilrå Gaular kommune og Sogn og Fjordane fylke å finne eit rimelegare alternativ. Aksjonsgruppe: Mari Helene Kårstad, Sveinung Furnes, Helge Kårstad, Morten Øvrebø, Siv Øvrebø Kårstad, Sindre Hestad, Gunn Kristin Dalseth, Astrid Berqvam, Kjetil Nistad, Per Jarle Smaamo, Runar Skaflestad, Karstein Yndestad, Geir Båtevik, Bent Vidar Kårstad.
    416 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    3 kommentarer:

    Fredrik Johnsen

    Onsdag 12.06.2019
    Nei takk!

    Sveinung Furnes

    Onsdag 12.06.2019
    NB, NB!! Berre folk som er folkeregistrert i Gaular kommune kan avgi stemme! Eg må fjerne dei stemmene som kommer fra andre plasser!

    Sveinung Furnes

    Tirsdag 11.06.2019
    Hugs - du må være folkeregistrert i Gaular kommune for at stemma di skal telle :)