Varaldsøy aldersheim
Kvinnherad, Vestland
Álggahuvvon: 13.04.2013 bokte Petter Wilhelmsen
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 30.10.2013
Vedtaket om nedlegging av Varaldsøy aldersheim blei gjort på eit ugyldig grunnlag. Det var store feil i sakshandsamingsprosessen og budsjetta som vart lagt fram stemte ikkje overeins med kvarandre, i enda mindre grad med seg sjølve.
Dei som sit i kommunestyret er folkevalte – valt av folket – til å styre etter folkets meining og for deira eiget beste. Då saken om nedlegging av Varaldsøy aldersheim, som vart karakterisert som den beste verksemda i kommunen – kvalitetsmesseg og driftsmesseg, vart handsama kom det klart fram at folket ikkje ønskja ei nedlegging av tilbodet, men fleirtalet gjekk framleis inn for ei nedlegging. Dette strir direkte imot maktfordelingsprinsippet.
Etter nedlegginga av Varaldsøy aldersheim vart tilbodet så magert omkring øya at Rosendalstunet og Ølve har vorte så overbelasta at eldre må leve under vilkår som ligg langt unna norsk standard, og det som er akseptabelt, på grunn av uansvarleg økonomiføring. Det blei kommentert under sakshandsaminga at det ville ende slik, dersom ein gjekk inn for vedtaket, utan at det lukkast å komme fram med bodskapen til makthavarane.
Basert på dei tre grunnane nemnt ovanfor krev folket i Kvinnherad kommune at kommunestyret tek opp saka om å starte opp drifta igjen ved Varaldsøy aldersheim for å sikre dei eldre ei kvalitetssikra og verdig eldreomsorg, med breidd støtte i folket, på ubestemt tid. Vi krev òg at utbygginga av Rosendalstunet vert framskynda av praktiske, etiske og moralske grunnar.
5 kommentárat:
unn simonsen
Anne-Grethe Berge
Petter Wilhelmsen
Trygve Sundfjord
Jostein Kirkhus