1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    E39 - Miljøtunnel mellom Sande og Førde

    Sunnfjord, Vestland
    E39 - Miljøtunnel mellom Sande og Førde
    Opprettet: 28.06.2020 av Hjalmar Lothe
    Sluttdato for signering: 28.09.2020
    Me ber Sunnfjord kommune om å ta opp att handsaming av Vegvesenet si løysing på vegen E39 Sande-Førde og samanhalde dette med val av «Miljøtunnelen» Sande-Førde Ved å gå for Miljøtunnelen sparar samfunnet 5,4 milliardar kroner som kan nyttast til meir vegbygging av E39 i Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune. Miljøaspektet er utruleg stort, drivstoff forbruket kan reduserast med 66 millionar liter diesel og 167 352 tonn CO2 utslepp på berre 25 år. Eksisterande plan Vegvesenet si løysing på E39 Sande-Førde vert her samanlikna med eit naturleg og miljøvenleg alternativ. Me har laga ei grov analyse av dette alternativet. Den planlagde E39 Sande – Bruland i Sunnfjord kommune. • Vegen Sande - Myrmel må oppdaterast. Vegen er miljømessig og samfunnsøkonomisk for bratt og det må byggast forbikøyringsfelt, ikkje planlagt. • Det er planlagt å bygge tunnel Myrmel – Lunde, utan felt til forbikøyring av treg trafikk - vogntog. • Ny veg skal byggast i utmarka Lunde - Skilbrei til Myra. • Det skal byggast to tunnelar Myra- Bruland. Traseen er for bratt og det er difor planlagt å bygge to tunnelløp, Fire felts veg, i staden for forbikøyringsfelt. Fra Sande til Langeland er det 210 høgdemeter. Tunnelane fra Bruland til Langeland stig til 270 høgdemeter. Dette gjev stort energiforbruk for fossile og elektriske køyretøy. Løysinga er dårleg både samfunnsøkonomisk og miljømessig. Tidlegare føreslag, Miljøtunnelen! Sande - Bruland direkte, Miljøtunnelen har bere 50 m stigning. Dette tyder at det er målbart, men ikkje merkbart. Denne tunnelen vert totalt 8 km kortare enn dei planlagde tunnelane og om vi tek med vegbygging og vegar som må oppdaterast vert løysinga 11 km kortare. Å køyre Miljøtunnelen tek kring 10 min kortare tid enn den planlagde løysinga. Dette er ei halvering av køyretid Sande - Førde samanlikna med det planlagde alternativet. Denne løysinga har stor samfunnsmessig betydning og er ei svært god løysing for miljøet. Det er ingen av og påkøyrsler og difor ingen risikopunkt. Miljømessig svært god med mest inga stigning Tunnelen er målretta. Raskaste veg gjennom Sunnfjord kommune mot Trondheim Kommunen får alle føremonene med E39, men slepp ulempene. Om ein vel noko anna løysing enn «Miljøtunnelen», er det etter mi meining både alvorleg miljøkriminalitet og i beste fall ei enorm sløsing med statens midlar og total mangel på respekt for lova og framtidige generasjonar. Analysen visar at ved å bygge «Miljøtunnelen» kan ein spare minst 5,4 milliardar 2018 kroner. Traseen kjem svært godt ut også som 4 felts veg. Konsekvens av dagens planar for oppgradering av E39 Sande - Bruland Dagens planar for oppgradering av E39 mellom Sande – Bruland og med berekningar for 25 års bruk av vegstykke: • Økte bygge kostnader på minst 5,4 milliardar 2018 kroner. • Gir økte kostnader for reisetidsverdi på totalt 3,4 milliardar i 2016 kroner. • Ekstra drivstoff forbruk på grunn av høgdenivå 66 millionar liter, • Ekstra CO2 utslepp på 167 352 tonn. • Ulykker – 63 personskadar og 5 dødsulykker. Ved å bygge miljøtunnelen unngår ein dette. I oppsettet er ikkje «ikkje målbare samfunnsmessige effektar» tatt med, men desse er store for miljø, dyreliv og trivsel. For å nytte eit maritim døme, båten har ikkje gått på grunn, ennå. Det er fullt mogleg å snu og skapa ein miljøvenleg veg for framtidige generasjonar. Underlaget til grov analysen er henta fra offisielle sider: • Samfunnsøkonomiske tall er henta fra Effekt - Statens vegvesen / NTNU. (Da er ikkje køyretøykostnadar tatt med.) • Sparte økonomiske kostnader henta fra Vegvesen 2018 kroner, faktiske kostnader ved veg, bru, tunnel per løpemeter. • Ikkje målbare samfunnsmessige effektar er ikkje tatt med, men desse er store for miljø, dyreliv og trivsel. Me ber alle innbyggjar i Sunnfjord kommune om å skrive under på dette innbyggjarforslaget for at kommunen skal handsama det på nytt. Dette hastar. Ver venleg å sprei bodskapen til vener og kjende for at dei skal skrive under på dette oppropet.
    40 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    2 kommentarer:

    Zuhura. Uwimana

    Tirsdag 30.06.2020
    Hei hyggelig kotacte Tusen takk

    Zuhura uwimana

    Tirsdag 30.06.2020
    Hei