Innbyggjarinitiativ - Næringsområde på Bådane/Reset i Selje
Stad, Vestland
Opprettet: 03.09.2021 av Marianne Tretteteig Flølo
Sluttdato for signering: 03.03.2022
I Selje sentrum er det foreslått ei stor utviding av næringsområdet på Bådane/Reset med utfylling i sjø, kaianlegg, og industribebyggelse på land.
Området blei omregulert til næring i 1989, men har ikkje vore tatt i bruk på over 30 år.
Området ligg heilt inntil bustadfelta på Reset og Vikavegen, og vegen inn til området går rett gjennom sentrum langs Hovevegen.
Dette er veg utan fortau og skuleveg for mange born.
På utsida av dagens næringsområde er det ønska utvida stort med omfattande fylling i sjø, på utsida av dagens svaberg.
I dette området blir det i dag fiska etter krabber og leppefisk, og det er eit høsteområde for stortare. Området går også inn i omsynssone, gyteområde og oppvekstområde for fisk.
Svaberga på nedsida av byggjefeltet blir brukt både til bading, fisking og soling.
Det vil vere svært uheldig for bukvaliteten i området dersom det kjem industri så tett på eksisterande bustadfelt.
Eit stort industriområde medførar ofte støy i form av både lyd og lys gjennom heile døgnet.
Selje er no inne i ei positiv utvikling der mange unge flyttar heim og etablerar seg. I byggjefeltet i Vikavegen bur det i dag mange barnefamiliar, og fleire er på veg.
Vi ynskjer ikkje at våre barn no, eller i framtida, skal vekse opp med eit stort industriområde og alt det medfører av negative følgjer som nærmaste nabo.
Vi trur heller ikkje fleire kjem til å ville busetje seg her dersom det potensielt kan kome storindustri så tett på.
Tilbake i 2017, i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, presenterte Selje kommune i KU- tilleggsutgreiing eit ynskje om å flytte industri og tungtrafikk ut av sentrum, og ei gradvis utfasing av dagens næringsareal ut av sentrum.
Området det no skal utvidast på har ikkje vore tatt i bruk sidan det blei omregulert, og står tilnærma urørt. I arbeidet med den nye kommunedelplanen for sjøareal er ei utviding av næringsområdet frarådd i konsekvensutredninga.
Vi meinar slike industriareal bør planleggjast ut av sentrum og bustadområde no når det er moglegheit for det!
Vi ber Stad kommunestyre vidareføre tankegangen frå Selje kommune og ta stilling til om næringsområdet på Bådane- Reset bør omregulerast til eit anna formål som passar seg nært sentrums- og bustadområde.
Signer denne saken og hjelp oss å samle nok underskrifter til å få saken løfta opp til kommunestyret
149 av 193 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
4 kommentarer:
Sissel Solheim
geir håkon andersen
Laila Johannessen
Ragnhild hamre