Folkeavstemming, Midsund ut av Molde.
Molde, Møre og Romsdal
Álggahuvvon: 26.11.2021 bokte Harald Elias Werkland Akselvoll
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 26.05.2022
Ved folkeavstemminga i Midsund 25. april 2016 stemte 74,7% for å slå seg saman med Aukra, 23,1% for å slå seg saman med Molde-Nesset-Gjemnes og 2,2% stemte blankt. Som berre ein av fem kommunar i Noreg opererte ikkje Midsund med alternativet «halde fram som eigen kommune» på stemmesetelen, noko som blir trekt særleg fram når Institutt for samfunnsforskning stempler ein tredjedel av avstemmingane i reformen for udemokratiske i sin rapport frå november 2017.
Det var gjort ei innbyggerhøring i kommunal regi i perioden før folkeavstemminga 2016; nær to av tre ønska å halde fram som eigen kommune.
Kommunestyret fekk overlevert kring 800 underskrifter, langt over halvparten av alle stemmeberettiga i Midsund, som ønska avgjerdsla utsett i påvente av avklaring kring Kjerringsundet før kommunestyremøtet 23.juni 2016.
Like fullt vedtok kommunestyret 23.juli 2016 samanslåinga med Molde, Gjemnes og Nesset (Gjemnes vart ikkje med på samanslåinga). Vedtaket skjedde mot eit særleg godt dokumentert fleirtal si meining og kan ikkje tolkast som anna enn tvang.
Me ber difor Molde kommune halde ei ny folkeavstemming i gamle Midsund kommune for å kartlegge folkevilja kring kommuneinndeling og forventer at resultatet av denne blir respektfullt lytta til i vidare handsaming.
9 kommentárat:
Reidar Tangen
Andreas Olsen
Irmantas Gudeliunas
Kay Ronny Otting
Daina Paulauskaite
Hildegunn Kirkeland
AnnElin Nygård Myhre
Karle Lervik Fredag 26.11. 2021
Oda Sofie Orvik