1 Čilge iežat ášši
2 Čoakke vuolláičállagiid
3 Ovddit ášši árvvoštallamii

    Greie ut oppløysing av Bjørnafjorden kommune

    Bjørnafjorden, Vestland
    Greie ut oppløysing av Bjørnafjorden kommune
    Álggahuvvon: 09.03.2022 bokte Pieter Johannes de Zwarte
    Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 01.04.2022
    Intensjonsavtalen til Bjørnafjorden kommune er broten, og mykje av fordelane ein vart førespegla kom aldri. Dette innbyggjarforslaget går ut på å få kommunestyret til å greie ut moglegheita for å gå tilbake til kommunane Os og Fusa, slik at sjølvstyre og demokratiet vert flytta tilbake nærare folket. Etter Kommuneloven § 12-1 pliktar kommunestyret å ta stilling til eit innbyggjarforslag innan 6 månader om det får meir enn 300 underskrifter. Det er ingen nedre aldersgrense for å skrive under på innbyggjarforslaget. For å skrive under krevst det at du er busett i Bjørnafjorden kommune, og brukar ditt ekte namn og rett adresse. Etter Inndelingslova § 15 gjev staten delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til deling av kommunar. Med dette innbyggjarforslaget ynskjer ein å legge fram fylgjande sak: Bjørnafjorden kommune skal engasjere eksterne og uavhengige aktørar til å greie ut moglegheita for oppløysing av Bjørnafjorden kommune tilbake til kommunane Os og Fusa. Særskild viktig er kva økonomiske rammer inntektssystemet vil gjeve dei to kommunane, og estimere kostnad ved tilbakeføring. I utgreiinga skal ein òg sjå på moglegheiter for samarbeid og interkommunale selskap, slik at ein framleis kan ha stordriftsfordelar og ivareta gode fagmiljø. I tillegg må alternative måtar å drifte og organisere ein kommune på, slik at ein held sjølvstyret på båe sider av kommunen, utgreiast. Trass i at dette kan vera tungt nybrotsarbeid ingen tidlegare har gjort, lyt ein her la eksterne aktørar utfordrar fantasien og tenkje nytt. Etter dette skal innbyggjarane få sei sitt gjennom ei rådgjevande folkerøysting om ein: - Vil halde på dagens Bjørnafjorden kommune - Gå tilbake til kommunane Os og Fusa - Eller, om ein finn det, gå for ein nybrots måte å halde sjølvstyret på båe sider av fjorden på Underskriftskampanja vil halde på til 1. april. Ein kan skrive under på minsak.no, og ein prøver å få lagt ut lister i så mange lokalbutikkar som mogleg.
    932 bokte 300 Vuolláičállagat
    Geahča vuolláičállagiid Dát ášši lea giddejuvvon iige dan sáhte šat vuolláičállit
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    15 kommentárat:

    Marit Holmefjord Solvang

    Duorastat 31.03.2022
    Gå tilbake til Fusa og OS!

    Arne Monsen

    Gaskavahkku 30.03.2022
    Ønsker at det blir avholdt folkeavstemning for å få vite innbyggernes mening i denne saken. Ønsker at Os og Fusa går tilbake og blir egne kommuner. I stedet for sammenslåing bør det åpnes for mer interkommunalt samarbeid på en del tjenester.

    Stig Gram-knutsen

    Gaskavahkku 23.03.2022
    Tilbake til Os og Fusa

    Bristella H. Valle

    Gaskavahkku 23.03.2022
    Tilbake til Os og Fusa.

    Marta Tysse

    Vuossárga 21.03.2022
    Tilbake til Os&Fusa

    Jeanette M Søfteland

    Lávvardat 19.03.2022
    Tilbake til Os & Fusa

    Magnus Halsør

    Lávvardat 19.03.2022
    Tilbake til Os og Fusa.

    Solveig Sjøbø

    Gaskavahkku 16.03.2022
    Vil ha Os og Fusa tilbake

    Martin Boge Eriksen

    Sotnabeaivi 13.03.2022
    Gå tilbake til Os og Fusa!

    May-Britt Rød

    Bearjadat 11.03.2022
    Tilbake til Os og Fusa!

    Carina Ødegård Gangstø

    Bearjadat 11.03.2022
    Gå tilbake til Os og Fusa

    Halis celep

    Bearjadat 11.03.2022
    Gå tilbake til os og fusa

    Annlaug Fjærestad Nordbø

    Duorastat 10.03.2022
    Eg vil ha fusa tilbake

    Aleksander Lygre

    Duorastat 10.03.2022
    Gå tilbake til Os og Fusa.

    Erlend Hagen Nordtveit

    Duorastat 10.03.2022
    Gå tilbake til Os og Fusa.