redd badestranda vår
Hareid, Møre og Romsdal
Álggahuvvon: 02.07.2013 bokte marte hareide
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 30.09.2013
redd badestranda på raffelneset
Redd badestranda vår! VI treng di stemme!
Det virkar heilt meiningslaust med utfylling av ei så verdifull strandsone, har vanskelig å skjønne at denne saka har gått igjennom av ansvarlige instanser.
Ein kan gjerne stille retoriske spørsmål om kvar fiskeri- og sjøfartskommunen Hareid vart av. Eg hugsar eit Hareid der det var sjølvsagt for den oppveksande genrasjon å ha stranda og sjøen langs stranda som leikeplass frå dei var i stand til å flytte seg på eigne bein. Der born hadde båt og sjø som noko sjølvsagt i fritid og oppleving, og det å leite strandlangs etter merkelege dyr og gjenstandar var ein del av grunnlaget for å la seg undre over alt som levde og som fanst. Velte på steinar eller spa sand med greip eller spade og oppleve at det som levde også fanst djupt under overflata. I dag har born eller folk frå Hareid knapt høve til å finne seg ei tilstrekkeleg lang strandstrekning som er fritt tilgjengeleg og som kan gje grunnlag for opplevingsverdiar, anten det no skulle vere for bading og rein avslapping, eller for å oppleve og lære om livet i havet. Jau, Ovrasanden er der enno,men passeleg strigla og forbygd. Det er kort vei til raffeln Men det er ikkje forseint og stoppe dette!
3 kommentárat:
Aleksandra Aasmo
marte hareide
fergemann Hareid