1 Čilge iežat ášši
2 Čoakke vuolláičállagiid
3 Ovddit ášši árvvoštallamii

    Nei til industri og næring ved Åseneset og Morkavika!

    Volda, Møre og Romsdal
    Nei til industri og næring ved Åseneset og Morkavika!
    Álggahuvvon: 23.05.2024 bokte Trine Mork-Bakke
    Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 02.06.2024
    Det har blitt ytra ynskje om å legge til rette for næring og industri i området Åseneset og Morkavika (den gamle Mork-sentertomta og Nilletun). Mange, både i og utanfor Morkabygda blei svært uroa då saka vart lagt fram i Møre, og vi opprettar difor denne underskriftskampanjen. Det er mange argument mot dette forslaget. Her er nokre av dei: 1. Åseneset har ei svært sentral beliggenheit i bygda, og eit industriområde her vil skjemme ut utsikta for dei fleste av husa på Mork. 2. Mange er uroa for auka tungtrafikk gjennom bygda, både mtp. trygg skuleveg for borna, støy for svært mange, støv, og at ein blir nødt til å bygge vegar som er dimensjonert for denne trafikken. Dette vil måtte gå ut over landbruksareal og dyrka mark. 3. Kaia som ligg nedanfor Mork senteret er mykje brukt til både bading, turar, krabberaking og fisking, spesielt av bygdas unge. Fjøra rundt denne kaia, og fjøreområdet som ligg like vestanfor er mykje brukt, både av barnehagen, skulen og private. Heile dette området vil verte forringa av både visuell støy og auditiv støy, samt forureining og utrygg tilkomst dersom det vert anlagt eit industri- og næringsområde like ved. 4. Ei levande bygd i vekst, som Mork, treng rekreasjonsområder som dette. Dette er ei av få tilgjengelege strandsoner i området. Slik Mork senter-tomta er utforma no er nærleik til sjøen også tilgjengeleg for dei som har nedsett funksjonsevne. 5. Det er registrert gamle gravrøyser og kulturminne på Åseneset. Dette er freda og må vernast. 6. Kva vil skje med dei som har naust i området? Korleis kan dette bli erstatta? 7. Ein er uroa for dyrelivet i området, både mtp. utfylling med enorme masser og forureining av sjøen, og også på land. Åseneset er tilhaldsstad for hjorten, som allereie er pressa ut av industriområdet i Furene.
    317 bokte 219 Vuolláičállagat
    Geahča vuolláičállagiid Dát ášši lea giddejuvvon iige dan sáhte šat vuolláičállit
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    3 kommentárat:

    Lillian Gjersdal

    Duorastat 30.05.2024
    Det er nok industri her i området no, og eg kan ikkje fatte og begripe at det er ønskelig med ei slik auke av trafikk og tungtransport gjennom eit gards- og eneboligområde med både barnehage og småbarnsskule. Det er så fint her med natur og landbruk og dyreliv, og ungane kan sykle og springe i nabolaget og besøke vener, og kome seg til og frå skulen og leikeplassen. So nei elles takk! Det er flott og viktig at vi har industri og arbeidsplasser, men desse planane kan de gjennomføre ein annan stad - ikkje her!

    sissel anita øyen hareide

    Maŋŋebárga 28.05.2024
    Å ta Morktomta, Morkavika og Åseneset til industriføremål er å øydeleggja det vesle som er att av naturperler på Mork.

    Thor Inge Grebstad

    Lávvardat 25.05.2024
    Treng ikkje meir industriområde no