Vurdering av forbod mot oppskyting av fyrverkeri i privat regi
Bykle, Agder
Álggahuvvon: 14.01.2026 bokte Trude Arnestad Ekroll Mikkelsen
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 28.02.2026
Vi ber om at Bykle kommune vurderer å innføre forbod mot oppskyting av fyrverkeri i privat regi i heile kommunen.
Bakgrunn for førespurnaden er i hovudsak dyrevelferd, omsyn til sårbare grupper, og miljøomsyn.
For mange kjæledyr, landbruksdyr og ville dyr er nyttårsaftan, og døgna rundt, årets mest traumatiske døgn. Mange dyr opplever ekstrem angst og panikk på grunn av fyrverkeri. Dette fører til at fleire dyr rømmer i panikk, og ikkje alle kjem til rette igjen i live. Større dyr som til dømes hestar som får panikk, kan også utgjere ei fare for menneske. Fuglar og ville dyr blir skremt ut av sine kvileplassar i vinterkulda, noko som kan tappe dei for energi som dei skulle ha brukt på å holde varmen/ overleve (Ref. Dyrebeskyttelsen, Naturvernforbundet i Agder).
Det er ikkje berre dyr som lid under støyen frå rakettar. For krigsveteranar og menneske som har opplevd krigshandlingar kan plutselege drønn fungere som kraftige triggarar for traumer (Ref. Landsforeningen for PTSD i Norge).
Alle som har vore ute og gått ein tur 1. januar veit kor mykje søppel som ligg igjen etter rakettane; både plastdelar og papir/papp. Rakettar med farge inneheld også fargestoff med tungmetall, og dette landar etter kvart på bakke, og trekk ned i jorda (Ref. Naturvernforbundet).
Ein av dei største ulempene med privat oppskyting av rakettar er at oppskytinga føregår lenge før, og fleire døgn etter det lovlege tidsvindauge på nyttårsaftan. Fyrverkeri i offentleg regi er meir forutsigbart, og gjer at ein avgrensar støy til eit kort tidsrom. Dette gjer at dyreeigarar og andre som veit at dei vert påverka av rakettar kan ta forhandsreglar. Slik som det fungerer i dag lever mange dyr og menneske i unntakstilstand i fleire døgn i strekk. Oppskyting av fyrverkeri i offentleg regi vil også gi større tryggleik, og mindre sjanse for personskadar.
Eit eventuelt forbod vil kunne få negative økonomiske konsekvensar for dei som sel fyrverkeri i kommunen. Om mogleg er det fint om eit eventuelt offentleg fyrverkeri vert kjøpt inn av dei same aktørane. Vi ser det som naturleg at det vert offentleg fyrverkeri på Hovden og i Bykle.
Eai leat kommentárat.
Lasit kommentára