Stopp avhending av Austefjord Skule bygg B
Volda, Møre og Romsdal
Álggahuvvon: 18.06.2026 bokte Marthe Kalvatn
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 18.12.2026
Innbyggerinitiativ – Austefjord skule bygg B
I medhald av kommunelova § 12-1 fremjar vi med dette innbyggerinitiativ om politisk behandling av vedtak om avhending av Austefjord skule bygg B.
Formannskapet i Volda kommune har i sak 64/26, datert 16.04.26, vedteke å leggje Austefjord skule bygg B ut for sal på open marknad, etter ein kort periode med vurdering av lokal interesse.
Vedtaket gjeld ein kommunal eigedom som i dag har ein sentral funksjon som samlingsstad og aktivitetsarena i Austefjorden.
Bygget inneheld mellom anna gymsal, øvingslokale og lager, og blir brukt til organiserte aktivitetar for barn, unge og vaksne, inkludert barnetrim, allidrett, dametrim, volleyball, korpsaktivitet og arrangement i regi av lokale lag og barnehage.
Det finst per i dag ingen alternative eigna lokale i Austefjord som kan overta desse funksjonane. Ei avhending vil difor få direkte konsekvensar for frivillig aktivitet, folkehelse, kulturarbeid og sosiale møteplassar i lokalsamfunnet.
Krav etter kommunelova § 12-1
Vi ber om at saka blir lagt fram for kommunestyret til ny politisk behandling, med vurdering av om Austefjord skule bygg B skal haldast i kommunal eige og vidareførast som lokal samfunns- og aktivitetsarena.
Forslag til vedtak i kommunestyret:
- Kommunestyret opphevar formannskapet sitt vedtak i sak 64/26 om avhending av Austefjord skule bygg B.
- Kommunestyret ber kommunedirektøren greie ut framtidig bruk og driftsmodell som sikrar vidare kommunalt eigarskap og drift av bygget som lokal møteplass og aktivitetssenter.
- Kommunestyret legg til grunn at alternative løysingar for drift i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar skal utgreiast.
2 kommentárat:
Gry Aanestad Moltumyr
Anne Petrine Ryslett
Gry Aanestad Moltumyr