1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til flytting av Lauvstadferje.

    Møre og Romsdal
    Nei til flytting av Lauvstadferje.
    Opprettet: 16.11.2014 av Jan-Norvald Jønsson
    Sluttdato for signering: 04.01.2015
    Her kan ein skrive under på at ein ikkje ynskjer flytting av ferjesambandet frå Volda sentrum og ut til Morkabygda. Samferdsutvalet gjekk einstemmig inn for å etablere ny ferjekai i Morkabygda på ferjestrekket Lauvstad-Volda. Vi meiner dette vedtaket er ei grov feilvurdering av fleire årsaker: -Å etablere nytt ferjesamband vil vere stikk i strid med samfunnsutviklinga elles. -Ein bør heller bruke pengane på meir framtidsretta planar (ferjefritt), og heller kople seg på planar som allereie ligg føre. Til dømes bru over Voldsfjorden. Med bru og tunnel (Syvden- Lauvstad- Folkestad- Volda) vil ein korte reisetida til sjukehuset frå Vanylven, Vågsøy og Selje. -Ei nyetablering av ferjesamband til Morkabygda vil svekkje tilbodet for mange. -Det er urealistisk å leggje bussrutene utom Mork/Eikrem, med tanke på tid og rutetilbod. -Mange som i dag kan setje att bilen på Lauvstad må bruke bil. Dette vert dyrt for dei det gjeld, og medfører meir forurening. -Ei flytting av kaia vil medføre store inngrep i naturen, ein negativ konsekvens for alle brukarar av området i Morkabygda. -Det er omlag like langt frå Volda til Ørsta som frå Eikrem til Ørsta, men avstanden frå kaia til Volda sentrum vert betydeleg lengre. Avstanden til flyplassen frå kaia vert også den same, men kollektivtilbodet vert vesentleg dårlegare. Med vennleg helsing Trine Mork-Bakke, Andreas Eikrem og Jan-Norvald Jønsson.
    703 av 500 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    14 kommentarer:

    Jan-Norvald Jønsson

    Lørdag 03.01.2015
    Eg vart i dag "skulda" for å ha skjult agenda. Min agenda er at eg ikkje vil ha ferjekai ut i Morkabygda. Og eg meiner at det beste for vekst i Vanylven og Dalsfjorden, må vere eit landfast samband til Volda via Folkestad. Siste sjanse til å signere er i morgon

    Jan-Norvald Jønsson

    Søndag 23.11.2014
    Det hadde vore kult om ein før kl 1330 søndag 23.11.2014 hadde klart 500 signaturer som seier NEI til å flytte ferjekaia frå Volda sentrum til Morkabygda. Så viss du meinar at ein heller bør bruke 100millioner tli å knyte vestsida landfast med Folkestad og Volda. Skriv under her.

    Trine Mork-Bakke

    Fredag 21.11.2014
    Ola Nordmann: med bru over t folkestadsida må dei ha me bil t Folkestad ja, men kan sette den at der, og ta ferga! Til Eikrem må alle ha me bil over.

    Jan - Norvald Jønsson

    Fredag 21.11.2014
    Ola Normann: For dei som bur på vestsida, tenker vi at det er landfast med Folkestad som må vere framtida. Vi dere ein gong har tenkt å bli kvitt fergene. Då aukar trafikkgrunnlaget for den planlagde brua frå Folkestad-Volda, og med det aukar muligheita for realisering av denne. Ja, ein vert avhengig av bil, viss ein ikkje syklar. Men for dei som ikkje skal lengre enn til Volda idag vert forferdeleg tungvint, å havne på Eikrem. Tok seinast ferja frå Lauvstad 18/11 parkringa var full av bilar som står att, fordi ferja nettop går til Volda sentrum. Kva er fordelen med landfast, jau friheita døgnet rundt. Sikkerheit ved behov for at ambulanse,brannvesen og politi ikkje vert ståande å vente på ferja som ligg på den andre sida, når det skjer noko.

    Ola Nordmann

    Torsdag 20.11.2014
    Å få noe landfast vil vel ha akkurat samme konsekvenser som å flytte ferga? De må jo ha bil da også? Prisen vil nok bli noe det samme uansett så jeg vil jo tørre og påstå att å flytte fergekaia vil være det beste og mest realistiske? Du for kortere overfartstid og kortere reisetid ellers i fylket. Volda har sykehuset som eneste grunn til å ikke flytta kaia. Det er ikke bare til volda folk pendler.

    Jan - Norvald Jønsson

    Torsdag 20.11.2014
    Ein vil spare 5 til 10 minutt på å flytte ferjakaia frå Volda til Eikrem men det vil ta 7 til 10 min med bil til Volda sentrum. Er det vert 100 millioner skattekroner, er du i mot flytting, signer her.

    Jan-Norvald Jønsson

    Onsdag 19.11.2014
    Eg går gjennom og sjekker og evt. sletter når eg ser at det er dobbeltsignert. Skulle det vere at eg gjer ein feil gi meg ei tilbake melding. Viktig at det er rett antall på signaturane.

    Jan-Norvald Jønsson

    Tirsdag 18.11.2014
    Åsmund, vi er vel ikkje så veldig opphengt i korleis den best løysest på Sørsida. Men det må vere betre og bruke ca 100millonar på ein betre og landfast alternativ i lag med planlagd bru mellom Folkestad-Volda enn å vere avhengig av ferje.

    Åsmund Åmelfot

    Tirsdag 18.11.2014
    de før føre inn en tunell frå Vassbakkedalen til Stårheim no då i samme slengen. kjeme ikkje til å signere her men det er vell lov å komme med innspel. lykke til med underskriftene.

    Jan-Norvald Jønsson

    Mandag 17.11.2014
    Er ein ueining er det fritt for å ikkje signere. Og ikkje skjule seg bak falskenam med useriøse komentarar.

    Jan-Norvald Jønsson

    Søndag 16.11.2014
    Det reknar eg med går bra Kristi Drabløs.

    Kristi Drabløs

    Søndag 16.11.2014
    Signerte, men reknar ikkje med at signaturen vert godkjent i og med at et bur i Oslo. Men et har sin plan om å flytte heim til Lauvstad etter kvart.

    Jan-Norvald Jønsson

    Søndag 16.11.2014
    Ein må ikkje vere 18 år for å signere, men eg tenker at ein bør minst vere 10 år eller helst eldre for å signere.

    Jan-Norvald Jønsson

    Søndag 16.11.2014
    Signer berre ein gong, men kvar enkelt i hustanden må signere sjølv ( Ikkje Ola og Kari Normann). Og ver seriøs!