Krav om Folkerøysting om kommunesamanslåing!
Øygarden, Vestland
Álggahuvvon: 19.02.2016 bokte Aud Karin Oen
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 31.03.2016
KRAV OM FOLKERRØYSTING OM KOMMUNESAMANSLÅING !
Til: Øygarden kommune vedkomande kommunesamanslåing
Dei fleste partia i kommunestyret lova folkerøysting i valkampen. Forhandlingsutvalet som består av formannskapet (TVØ , H, FrP og Ap) går no ikkje inn for folkerøysting.
I juni 2016 skal kommunestyret ta stilling til om vi skal forsetja å vera eigen kommune, eller verta samanslegne med Sund og Fjell.
Vi vil med dette nytta vår rett til innbyggerinitiativ etter kommunelova § 39, og krev at kommunestyret gjer vedtak om at eit forslag om ei kommunesamanslåing som omfatter Øygarden, skal leggjast ut til folkerøysting. Vi krev at innbyggjarane får mulegheit til direkte å visa politisk meining i denne viktige saka som engasjerer mange.
På samme måte krev vi at den vidare prosessen ikke berre må greia ut kommune- samanslåing, men også at ein greier ut konsekvensane av å behalda Øygarden som eigen kommune. Dette innebær ei likeverdig handsaming av eksisterande og nye kommunar, med ein likeverdig bruk av dei kriteria som skal gjelda for å vurdera ein evt. storkommune. Berre med eit slikt 0-alternativ vil innbyggjarane få eit rimeleg utgangspunkt for ein opplyst debatt i denne samanhengen.
2 kommentárat:
Bjarne Karsten
Aud Karin Oen