La syklistar sykle på raudt i enkelte kryss
Oslo
Opprettet: 22.05.2016 av Yngve Øvregard
Sluttdato for signering: 23.06.2016
Det er to hovugrunnar til at folk lar sykkelen stå når dei skal bevege seg rundt i Oslo. 1) Det er for farleg å sykle i trafikken. 2) Det tek for lang tid.
Oslo kommune har som ambisjon å få fleire til å sykle ved å gjere byen meir sykkelvenleg. Det er då naturleg at politikarane ser til andre byer for inspirasjon.
I fleire europeiske byar er det tillate for syklistar å sykle på raude lys i enkelte kryss. Syklistar får lov til å sykle til høgre i lyskryss og rett fram i t-kryss.
Etter ein suksessfull prøveperiode innførte Paris nyleg ei lov som gav syklistar rett til nettopp dette. Prøveperioden synte at det å la syklistar bevege seg friare reduserte sjansen for ulykker. Ein unngår farlege situasjoner ved at syklistar og bilistar samlar seg opp i krysset.
Danmark hadde ein prøveperiode i to år mellom 2013 og 2015 i 33 kryss som gav samme resultat. Det vart ikkje registrert ein oppgang i ulykker i desse kryssa.
I Nederland har dette vore praksis i lengre tid.
Ved å innføre ei prøveordning også i Oslo, kan politikarane få til eit godt sykkeltiltak som er både billig og lett å gjennomføre.
Dette vil nok ikkje aleine få alle av Oslos innbyggjarar på sykkelsetet, men to ting er sikkert: Det blir tryggare å sykle i trafikken og det blir meir effektivt.
209 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
5 kommentarer:
Yngve Øvregard
Marit Halse
Øystein S
Eirik Magnussen
Kristian Lyngstøl