Bevare symjebassenget i Landåshallen
Bergen, Vestland
Opprettet: 08.06.2016 av Kristin Hågøy
Sluttdato for signering: 09.07.2016
Symjebassenget i Landåshallen er vedteke nedlagt fom sommaren 2016. Dette utan at det finnest noko godt alternativ til symjeopplæring på Landås.
Symjebassenget i Landåshallen er i bruk det meste av veka, til symjeopplæring for born på mellom anna Landås skule og fleire andre skular i området. ODA-gruppa ved Landås skole nyttar bassenget dagleg. Dette er born med spesielle behov, dei fleste nyttar rullestol og treng bassenget for trening og å fremje og oppretthalde funksjonsnivået sitt i kvardagen. På ettermiddagane er kapasiteten fullnytta og vel så det, til symjekurs for elevar i alle aldrar.
Bergen kommune foresler å nytte bassenget på Landås asylmottak som opplæringsbasseng for born på Landås skole og omegnsskulane, inkludert ODA-gruppa ved Landås skole. Bassengdjupna på dette bassenget er så stor at ein må vere symjedyktig for å nytte bassenget. Det seier seg sjølv at det dermed er til fare både for dei ordinære småskuleklassane og vil vere heilt meiningslaust for ODA-gruppa å nytte. I tillegg til dette er det som kjent pr i dag aslylmottak der og det er strenge reglar for kven som får komme inn på mottaket med identifikasjon osv.
Eit anna alternativ er å frakte borna til ADO- arena. Også dette meiner vi ikkje er godt nok. I ei tid då Bergen kommune vil statse på miljø og mindre trafikk ser vi på det som eit steg i feil retning å transportere eit stort antal elevar til byen for symjeopplæring, kvar einaste dag. For ODA-gruppa vert sjølvsagt transportutfordringa endå større.
Vi i FAU på Landås skole meiner at Bergen kommune er nødt å bevilge ressursar til bydelen slik at vi kan oppretthalde eit både symjebassenget og Landåshallen. Vi vil gjerne nytte bassenget på mottaket i tillegg til egna grupper for å gje symjeopplæring til flest mogleg.
FAU Landås skole
300 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
5 kommentarer:
FAU Landås
Trond Arne Michelsen
Cecilie Wroldsen
Ann Elin W. Syverstad
Anita Volland