1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Riv gamleskulen på Mork, bygg ny med byggestart seinast innan utgangen av desember 2018.

    Volda, Møre og Romsdal
    Riv gamleskulen på Mork, bygg ny med byggestart seinast innan utgangen av desember 2018.
    Opprettet: 20.12.2016 av Jan-Norvald Jønsson
    Sluttdato for signering: 01.01.2017
    Vi viser til at Gamleskulen, som snart er 63 år, har dispensasjon for drift til 31.01.2017. Riv gamleskulen og bygg ny og framtidsretta skule for minimum 150 elevar. Mork skule er den einaste grendaskulen i Volda kommune som har vekst. Per dags dato er det 82 elevar ved skulen. Dette talet kryp raskt oppover med den utviklinga som er i bygda. Mork grendalag la fram eit forslag om ein ny felles skule med Hovdebygda, sentralt plassert midti mellom bygdene, men sidan dei har fått lovnad på ny skule med byggestart i 2018, legg FAU og Morka Grendalag dette dødt. Til våre kjære folkevalde politikar; De kan ikkje lengre gå rundt med ”hovudet under armen ” og sjå på at Morkabygda si befolkning veks ut av ”gryta”, slik som grauten i eventyret ”Gryta som ikkje ville stoppe å koke”. Vi ser at det i budsjettet for 2016 er sett av 2 millionar kroner til kapasitetsutviding, og at det er i form av mellombelse brakker som blir flytta ut til Mork når nye Øyra skule har opna, hausten 2017. Hugs at dette kun er ei mellombels løysing. Vi ser det og som sannsynleg at det vert fremja forslag om å utvide dispensasjonen for gamleskulen endå ein gong. Det kan ikkje skje derfor vil vi at de skal velje vårt alternativ. Forslag frå FAU ved Mork skule, til sak som skal stemmast på i kommunstyremøte i januar 2017(eller når gamleskulen er opp til behandling) er følgjande: ❖ Rive gamleskulen på Mork og bygge ny med byggestart seinast innan utgangen av desember 2018! Brakkene er midlertidig løysing og kan/må plasserast midlertidigt i trygg avstand frå anleggsområdet, rivings- og byggetomta, der gamle skulen står i dag. Punkt som understøttar forslaget er: • Gamleskulen stettar ikkje krava knytta til bygningsmessig tilpasningsdyktigheit. Romma har ein storleik og ei utforming som gjer at dei ikkje kan brukast til fleire typar aktivitetar eller brukargrupper. Skular skal ha fleksibilitet, romma skal på ein relativt enkel måte kunne endrast i storleik, innreiing og utstyr for å verte tilrettelagt for forskjellige aktivitetar og brukargrupper. Bygningsmassen i gamleskulen har ikkje ein slik elastisitet og er ikkje tilrettelagt for at brukargruppane kan vekse eller minke. • Gamleskulen stettar ikkje dagens krav til universell utforming. Korkje internt i kvar enkelt etasje, mellom etasjane, eller til toalett i bygget, sjå pdf.fil http://www.universell-utforming.miljo.no/file_upload/nhfskole-liten-ps.pdf • Eitt anna overordna mål er å skape eit miljøvenleg bygningsanlegg med sunt inneklima og låg energibruk. Når ein då veit at skulen har vore stengd pga. fuktproblem, må dette gjerast noko med. Klasseromma i kjellaren er ein såkalla risikokonstruksjon, og der er det er stor fare for vekst av muggsopp i konstruksjonane pga produksjon av kondens(vatn) som følgje av ein slik feilkonstruert risikokonstruksjon. • Klasseromma er blitt for små allereie. • Den interne hovudtrappa er for bratt, har for lågt rekkverk og har ikkje barnesikra rekkverk. Den er ikkje godkjend som rømingsveg ved brann. • Dårleg isolert bygning som gir store årlege driftskostnader. • Dårleg taktekking, skiferheller(ca 4 kg/STK) som kan dette ned i hovudet på elevar og andre. Det var sikring av taket i haust. Det varer ikkje lenge. Fare for lekkasje. • Heile bygningsmassen er så gamal, at med det vesle vedlikehaldet som har vore utført, har bygget alikevel for lengst oppnådd forventa levetid, og er moden for utskifting. • Rømingsvegar ved brann er ikkje godkjende.
    212 av 219 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    4 kommentarer:

    Jan-Norvald Jønsson

    Tirsdag 27.12.2016
    Det er sjølvsagt Kl 24:00 den 01.01.2017.

    Jan-Norvald Jønsson

    Mandag 26.12.2016
    Sjølv om me har nok underskrifter, lar me den stå til 01.01.2017 kl 00:00.

    Jan-Norvald Jønsson

    Søndag 25.12.2016
    Takk for at du tenker slik Torbjørn S. Hoggen.

    Torbjørn Sverre Hoggen

    Søndag 25.12.2016
    Bor i Volda sentrum no, men har budd på Ekset i 45 år. Alle våre 4 born har gått på gamleskulen der.