1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Forbetring av Fv 401 og 355

    Telemark
    Forbetring av Fv 401 og 355
    Opprettet: 09.01.2017 av Olav Kvipt
    Sluttdato for signering: 09.02.2017
    Denne saka handlar om grenda mi, og ikkje minst bygda mi, og mi bekymring for korleis framtida blir her om noko drastisk innan infrastrukturen ikkje finn stad omløpande! Fyresdal som kommunen vår heiter, kan kanskje virke som ein ukjend stad for mange av dykk i fylkeskommunen. Det er ein stad med integritet og gamle tradisjonar! Flinke folk med bein i nasen som ikkje gir opp så lett, og det er vell også årsaken til at her framleis bur folk! I fleire generasjonar var det ei drivande stad innan jordbruk og skogbruk, men det høyrer nå heime i fordumstid, og i desse meire moderne tider er det industri og turisme som rår. Kommunen er stor i areal, og i alt er det omlag 1300 bebuerar foldelt på 1 280km2. I gamle dage fanns det ikkje noko spesielt sentrum, gardane låg spreidd rundt om i forskjellige grender og fjell. På 1940 tallet var me så heldige der som eg bur, i Birtedalen å få bilveg. Det var ein sensasjon, og det tok ikkje lang tid før det blei både fabrikk og rutebil hit. Og var det noko me hadde, så var det fin natur! Turistane byrja komme til gardane, og etterkvert kom også hyttene. Her i Birtedalen har me straks passera 700 hytter For å forklare mi personlige situasjon kan eg fortele at eg er yngste utskuddet av familien Kvipt (23 år), fødd og oppvaksen på garden Kvipt i Birtedalen. Eg har teke over denne turistattraksjonen som forfedrane mine he bygd opp gjennom over 600 dokumentera år. Mine foreldre jobba begge som lærarar då eg blei fødd, men begynte å satse på turisme etterkvart, noko som førte til at læraryrket ikkje blei nødvendig lenger. Dei investerte alt dei eigde, pussa opp gamle bygningane frå middelalderen og satte opp nye overnattingslokale, så nå har me kapasitet til 40 overnattingsgjester og selskap opp til 50 personar. Eg utdanna meg som lærar slik at eg kunne jobbe i Fyresdal utanom turistsessongane. Men slik som vegen er nå nyttar det ikkje køyre den dagleg. Derfor satsar eg på andre ressursar eg kan utnytte på garden. Dessverre er eg redd for vegstandaren til slutt vil kvele turistnæringa og på sikt.. Så over til sakens kjerne, nemleg fylkesveg 401 og 355! Eg for min del bur heilt i enden av 401, og kan ikkje preke for dei som bur langs etter Fyresdal-Tjønnefoss, men eg veit dei er i heilt identisk situasjon, og dykk kan bare spøre rådmannen vår. Desse vegane som er over tre gonger så gamle som meg har fått elendig oppfølgjing av vedlikehald, og er nå ikkje brukbare lenger! For min del som næringsaktør i Telemark syns eg dette ikkje er akseptabelt for eit fylke å la både fastbuande, hyttefolk og turistar ferdast på med livet som innsats! Ein ting er at vegen er bulldosera fram og sprengt fram på 1940 tallet, men sjølv nå med dagens maskiner, ressursar av arbeiderar, ressursar av pengar samt reidskap burde ikkje det vere noko problem for eit land som Norge å oppretthalde vegane i brukleg forfatning.. Ein skulle nesten tru det var ein spøk, men når Mesta kjem og reparerar vegane her, kjem dei mæ ein liten pickup og spade som dei skuflar asfalt i holene med. Veidekket som er her er ikkje asfalt ei gong, men eit prøveeksperiment frå 60 tallet som er ei spesiell legering som er spreidd ut på eit 0.5 til 1cm tjukt.. Ringverknadane er større enn dykk trur pga desse dårlege vegane. Folk flyttar vekk, ja til helvette, hadde ikkje familien min streva og sliti for Kvipt hadde eg heller aldri budd her oppe! Medan eg budde her før vidaregåande skule(15 år), opplevde eg totalt 4 familiar som flytta frå grenda hovudsakleg pga vegen var så dårlig å pendle til jobben deira i Fyresdal.. Inntektene til handelstandene i kommunen minkar då hyttefolk som kjem i helgene køyrer heller til butikken i Gjøvdal (Aust-Agder) sidan vegen til Fyresdal er slik som den er. Dykk rynkar sikkert på nasen og tenker at desse fillevegane ikkje er noko å prioritere, men 700 hytter blir til veldig mange folk! Og for å ikkje tenke på alle turistane som kjem, men som ikkje vil køyre om Fyresdal. Eg må bare sette ned foten som fastbuande i Fyresdal og sei at nok er nok, i alle år som eg har levd har desse vegane vore elendig, og at det ikkje endå er gjort noko fattar eg ikkje! Eg mistar så mykje respekt for politikerane i fylket og det er eg ikkje aleine om, noko som er trist! For me unge er drit lei all den praten og null handlig! Me krev at det må bli gjort noko fort!! Eg kan med hånda på hjartet sei at ALLE i Fyresdal meiner det er på tide med handling! År etter år ser me i aviser og media at Grenland sit på den grønne grein og bygger ut både bypakke og E18, medan ingenting skjer i distrikta. Det er forkastelig syntes eg! Telemark hadde ikkje vore Telemark utan felespil og gamle stabbur! Vakn opp og gjer noko før det er for seint!! Straks blir det hverken fastbuande eller turistar igjen!
    743 av 500 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    10 kommentarer:

    Sverre Ry

    Torsdag 12.01.2017
    Skrev nå under, men og sammenligne med Grenland og kysten vil dere vel ikke? Mange av oss som bor litt lenger ut her som pendler og bruker både 2 og 3000 på bompenger hver mnd..Kanskje lettere og få med avgiftskåte politikere om dere foreslår spleiselag;)

    Jörg P.

    Onsdag 11.01.2017
    Også vi i Røde kors, som må opp denne vegen til våres vakthytta i Birtedalen sliter mange ganger med denne vegen. Stortsett har vi det travelt, vis vi skal opp på leteaksjon eller andre hendelser. Vi har oftest tilhengere med båt / ATV eller campingvogn som blir brukt som koordinasjons sentralen med oss de smale svingene. Her er det ofte vegen som setter begrensninger på utrykningstid og alt utstyr, som må ryddes på plass igjen, etter vi har kommet fram, som krever ekstra tid,fordi velter faller ned i hengeren, pga.dårlig vegstandard. Svært vanskelig også om vinteren, vis man møte andre blier i dei smale kleivene men henger og man må rygge for passerer hverandre, siden snøen kjør vegen ennå smalete. Så jeg er absolutt for en slettere og breiere veg! Takk Olav, at du tar denne saken opp og kjemper for det, stå på!

    tommy b

    Tirsdag 10.01.2017
    Sett opp en bom og la dem som bruker veien betale.

    Hans Kristian Sølyst

    Tirsdag 10.01.2017
    Dette støttar eg fult ut Olav. Har køyrd Birtedalsvegen med bussruta i 20 år og det blir bare verre og verre. I mesteparten av dei åra eg dreiv bussruta, prøvde me å argumentere for å få gjort noko med vegen til Birtedalen, men det har bare blitt med litt brannsløkking. Vesenet har nok bruka nokre kroner på vegen oppigjennom tida, men aldri ein ordentlig jobb, ingen heilhet. Det blei gjort ein god jobb på delar av vegen langs Fyresvatn, og me såg fram til i alle fall nokre kilometer med slett veg, men neidå, ein flekk asfalt her og ein der. Dermed så bankar og slær det i bilen nesten som før dei begynte. Eit par år tilbake kom vesenst med ein fres. Du verden detta var spennande, skal det bli veg av det. Nei då det var eit prøve prosjekt. Vegen blei faktisk veldig fin der dei var nedpå med fresen, men det var selfølgeleg ein flekk her og ein der..... igjen og ingen ting har skjedd etterpå. Det er rett og slett ei skam at det ikkje blir bevilga frå øverste hald til å ruste opp vegane. Nå har eg blitt over 60 år, så eg regnar ikkje med å få oppleve ein veg til Birtedalen som er slett og fin å køyre på. Det må i så fall bli dersom det kjem heilt nye krefter inn i styr og stell på mange plan. Dersom ein kunne få vekk 200 av dei som styrer i dag og inn med 50 nye som får pengane ut på vegane før dei brukar dei opp på lønningar og planlegging så trur eg det er mykje gjort.

    Øivind Huth Eriksen

    Tirsdag 10.01.2017
    Dette skriver jeg gladelig under på da det er mang en gjest innom Campingen som sier "aldri mer Fyresdal" rett og slett på grunn av vegene ! Når du engasjerer deg slik du gjør Olav så er det kjempebra, men dessverre så har vi lokalpolitikere som ikke utfører det samme "trykket" og som er helt nødvendig for å få fortgang i vedlikeholdet.

    Thor Brøndahl

    Mandag 09.01.2017
    Skriver gjerne under på dette etter mange år som yrkessjåfør på Fv 355.

    Rolf Sundgot

    Mandag 09.01.2017
    Ekstra surt er det når ein veit at det vart bevilga eit betydelig anntall millionar for å ruste opp vegen 355 mellom fyresdal - Tjønnefoss, men desse pengane blei på eit trylleslag omprioritert til å bli brukt på vegane i grenland. Det er nok ikkje like lett å få desse pengane tilbake for å bruke på 355 att.

    Janne Fjellheim

    Mandag 09.01.2017
    Skal vi bli sett og høyrt i utkantane, må vi rope HØGT ! Nyttar ikkje å stå med lua i handa....

    Jan Arild Ålandsli

    Mandag 09.01.2017
    Du gjer ein kjempe jobb Olav,som orkar og kjempe mot myndighetane. Helsing Buss sjåfør som jobbar etter desse slitne slepene.

    Gunhild Momak

    Mandag 09.01.2017
    Sidan me driv bilverksted burde eg vel ikkje ha skrive under her.... det bli mange gode reparasjoner av desse vegne ☺