1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til bygging av ny kyrkje i Ulstein kommune

    Ulstein, Møre og Romsdal
    Nei til bygging av ny kyrkje i Ulstein kommune
    Opprettet: 25.01.2017 av Peter Skinnes
    Sluttdato for signering: 01.11.2017
    Ulstein kommune har til no bevilga 1,7 millionar kroner til ein konkurranse og eit skisseprosjekt for bygginga av ei ny kyrkje i Ulsteinvik. Dette er før det har blitt lagt ein einaste stein. Kyrkja er berekna å koste 60–80 millionar kroner totalt, og vi er redde for at deler av dette må dekkjast av kommunale midlar. I tillegg kjem vedlikehald for å oppretthalde to presentable kyrkjer i uoverskueleg framtid. Vi er redde for at dette er berre byrjinga på ein evigvarande utgiftspost. Dette skjer samstundes som at fleire offentlege tenester i kommunen er underbemidla og kommunen opplever auka arbeidsløyse og permitteringar. Vi er inne i ei økonomisk vanskeleg tid etter fleire år med storstilt bygging, og no bør kommunen være forsiktig med pengebruken, ikkje koste på seg unødige prestisjeprosjekt. Hjelp oss med å sende eit klårt signal til kommunestyret om at den gamle, gode kyrkja vår er meir enn god nok slik ho er. Med 170 underskrifter (2 % av Ulsteins befolkning) er kommunestyret forplikta til å lese og behandle saka. Jo fleire som skriv under på kampanjen, dess større påverknad vil ho ha. Hjarteleg takk til dei som engasjerer seg. Nei til å vedta bygging av ny kyrkje i Ulsteinvik. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------ Fakta: Kirkelovas LOV-1996-06-07-31 jmf. §21 stadfestar at: «Ny kirke skal bygges når en kirke er tilintetgjort eller på grunn av vesentlige mangler er ubrukbar og ikke kan utbedres, når den under vanlige gudstjenester ikke gir tilstrekkelig plass for de kirkesøkende og ikke hensiktsmessig kan utvides, eller når det dannes et nytt sokn der det fra før ikke er kirke. Ny kirke skal i kirkerommet ha sitteplass til en tidel av Den norske kirkes medlemmer i soknet. Det kreves likevel minst 200 og ikke mer enn 500 sitteplasser.» Kirken i Ulstein kommune oppfyller samtlige krav som står beskrevet i §21 i kirkeloven, og det finnes derfor ingen belegg for kravet om ny kyrkje. Den noverande kyrkja er ikkje for lita, då ho rommar 400 besøkande, og har god plass ved vanlege gudstenester. Ifølge årsmeldinga til Ulstein sokn har antal gudstenestedeltakarar sunket med 8,2 prosent frå 2008 til 2015, og dersom denne trenden fortsetter, vil behovet for ei ny og større kyrkje fortsette å synke i framtida.
    237 av 178 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    4 kommentarer:

    Noel Dunstan

    Fredag 24.02.2017
    Eit alternativ er å bygge eit teknisk eller naturfagleg senter.

    Anny Ulstein

    Torsdag 23.02.2017
    Tror med utmeldelse av medlemmer i Kyrkja , har den gamle Kyrkja mer en nok plass til medlemene som går til søndagsgudstjenesten. De som er så arbeidsomme, kan halde til på Fredheimkjelleren. Tror politikerne i Ulstein snart må bremse på STORMANNSGALSKAPEN, når det gjelder nyinvesteringer, bruk pengene, dersom dere har dei, til lovpålagte ting, istedet for hele tiden noe nytt.

    Jørn Hoel

    Onsdag 22.02.2017
    Eventyrmannen i skyene he større problem å ta tak i enn at Ulstein Sokn ikkje treng ny kyrkje! Blant anna beinkreft som råkar barn og prestar som voldtek unge gutar.

    Karl Johan Von Torvik

    Fredag 27.01.2017
    Gud er ikkje nøgd med dette! :-)