Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Fylkesomfattande folkerøysting før ein kvar eventuell samanslåing av Sogn og Fjordane og andre fylke

    Vestland
    Fylkesomfattande folkerøysting før ein kvar eventuell samanslåing av Sogn og Fjordane og andre fylke
    Opprettet: 03.02.2017 av Anders Hamre Sveen
    Sluttdato for signering: 31.05.2017
    I Noreg har vi tradisjon for at det vert halde lokale folkerøystingar før kommunar vert slått saman. Òg når det kom eit framlegg om å slå i hop Aust-Agder fylkeskommune og Vest-Agder fylkeskommune vart det arrangert to, separate fylkesomfattande folkerøystingar om saka i 2011. Resultatet av dette var at dei to Agder-fylka ikkje vart slått saman likevel. I februar 2017 vedtok eit fleirtal på 19 mot 12 av fylkestingsrepresentantane på fylkestinget i Sogn og Fjordane og gå vidare med ein intensjon om å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland frå 2020, under føresetnad om at: "Det må bli ei reell reform. Stortinget må redusere dagens 19 fylke til om lag 10 regionar. Og regionane må få nye oppgåver." Det er då verdt å nemne at det siste trekket frå Høgre, FrP, KrF og Venstre på Stortinget har vore å ta oppgåver vekk frå regionnivået, ved å gå inn for å flytte det offentlege tannehelsetilbodet frå fylka til kommunane. Dette innbyggjarinitiativet oppmodar fylkestinget i Sogn og Fjordane til å så snart som mogleg gjere vedtak på at fylkestinget skal syte for at det vert arrangert ei fylkesomfattande folkerøysting om spørsmål om samanslåing med andre fylke eller ikkje før alle eventuelle vedtak om å slå Sogn og Fjordane saman med eitt eller fleire fylke, og at fylkestinget forpliktar seg til å ikkje slå Sogn og Fjordane saman med eitt eller fleire fylke med mindre det har vore eit fleirtal for dette i ei slik fylkesomfattande folkerøysting.
    121 av 500 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Én kommentar:

    Elisabeth Dahle

    Mandag 06.02.2017
    Krever folkeavrøysting om fylkessamanslåing