1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Auk trafikksikkerheita for mjuke trafikkantar i Vikøy!

    Kvam, Vestland
    Auk trafikksikkerheita for mjuke trafikkantar i Vikøy!
    Opprettet: 21.05.2017 av Heidi E. Ørjansen
    Sluttdato for signering: 31.08.2017
    Fylkesveg 49 har dei siste åra hatt ei auke i personbiltrafikk og trungtrafikk, mykje grunna Jondalstunellen. Kvammapakken har fått utarbeidd ein reguleringsplan for gang- og sykkelsti frå Norheimsund og til Vikøy sentrum. Ved gjennomføring av Kvammapakken blei anleggsområde kutta like etter Blyberg og trafikksikkerheita er derfor ikkje løyst for mjuke trafikkantar i Vikøy sentrum. Planlagde busstopp manglar Vikøy har eit dårleg fortau forbi kykja, har må vi få breiare fortau med plass til gåande og syklande samtidig. Plassering av fartsdumper på Blyberg har skapt ei forverra trafikktryggleik på grunn av sikk-sakk køyring. Fleire har opplevd nesten ulykker i samband med fartsdumpane. I eit notat frå Statens vegvesen datert 10.06.2009 så foreslår Statens vegvesen å nytte opphøgde gangfelt i Vikøy saman med nedsett fartsgrense til 40 km/t. Bygda har ikke fått opphøgde fortau og fartsgrensa er ikkje sett ned til 40 km/t. I Vikøy har vi ein vidaregåande skule med ca. 280 elevar, i tillegg har Vikøy ein privat barneskule. Bygda har også mang skuleelevar som tek buss eller syklar til skulen. Nokre dagar står det mellom 15 - 20 barn på busstopp i Vikøy. Vi ønskjer ein sikkerheit for at fylket føl opp tema i Kvammapakken, trafikktryggleik for dei mjuke trafikkantane. Vi krev at fylket gjennomfører politisk vedtekne planar for trafikktryggleik i Vikøy. Vi har ingen barn eller vaksne å miste!
    356 av 171 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Én kommentar:

    Laila Sagstad Fosso

    Søndag 21.05.2017
    Betring no. Ingen liv å miste ❤️