Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Uteservering?

    Ulstein, Møre og Romsdal
    Uteservering?
    Opprettet: 29.08.2017 av Annette Harsvik Tømmerstøl
    Sluttdato for signering: 29.12.2017
    Eg har merka at kommunen er litt ambivalent når det gjeld uteservering av alkohol her i byen. Det er kun nokre få utvalde sortar som har kome seg gjennom det politiske nålauget for servering i frisk luft, resten må fint holde seg innandørs. Eg er eigentleg berre litt nysgjerrig på kva den logiske forklaringa på dette fenomenet er, så kanskje eg forstår det litt betre neste gong eg prøver å nyte ein frisk drink på byen saman med vennane mine ein fin sommarkveld, dog på innsida av vindauget, medan dei andre kan nyte siste solstrålane på utsida. Kvifor skal vi som kjøper ein drink i baren, istaden for eit glas vin eller champagne, bli bortvist frå uteserveringa? Sjølv drikk eg ikkje øl, vin eller rusbrus av ulike årsaker, men det burde uansett ikkje ha noko å seie kva preferansar folk har i baren. Ein uteplass burde servere ALLE typar alkohol på si uteservering, då blir det likt og rettferdig for alle. Eventuelt INGEN alkohol som uteservering, men det trur eg fleirtalet faktisk ikkje er interessert i. Einig? Signer!

    Ingen kommentarer.

    Legg til kommentar

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.