1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Utgreiing av alternativ plassering for framtidig kloakkrenseanlegg, vekk frå fjord og folk.

    Sula, Møre og Romsdal
    Utgreiing av alternativ plassering for framtidig kloakkrenseanlegg, vekk frå fjord og folk.
    Opprettet: 23.02.2018 av Silje Aarflot
    Sluttdato for signering: 23.03.2018
    Vi krev saka om framtidig plassering av nytt kloakkrenseanlegg for Sula, tatt opp igjen. Forslag til nytt vedtak: Utgreie alternativ plassering av framtidig kloakkrenseanlegg på ytre del av Sula, vekk frå busetnad, med utslepp så langt ut mot/i havet som mogleg. Forutsetningane i saka om framtidig plassering er plutseleg vesentleg endra, utan at politikarar og innbyggjarar i særlig grad har fått informasjon eller moglegheit til å uttale seg. Sula og Ålesund sine planar om eit felles framtid kloakkrenseanlegg på Kvasnes med fjellhall, og utslepp i Storfjorden for 70 000 personar, inkludert sjukehus og næringar, er heilt andre planar enn det som vart vedteke i 2016. Dette store fellesanlegget vil medføre mellom anna: • Ikkje-nedbrytbare miljøgifter og multiresistente bakterier i ein fjord som er frisk pr. dags dato. Multiresistente bakterier er påvist heilt ut på Alnes frå utsleppet på Åse. • Storfjorden er ikkje utgreia med tanke på verken strømforhald eller årsvariasjon, og om fjorden klarar å motta slike mengder kloakk. • Auka trafikkavvikling i det allereie overbelasta Veibustkrysset på E39. • Rasfare i følgje NVE sitt aktomsheitskart akkurat der fjellhallen er planlagt sprengt inn, dette krev vidare utgreiing. • Luktproblem i stor radius alt etter vindretning. Lukt vil det bli. • Forslag under Grøn Verdensarvfjord-konferansen februar 2018; Strengare utsleppskrav i alle fjordar. Dette bør gjelde utslepp i Storfjorden og. Vi på Indre Sula jobbar hardt for at dette enorme utsleppet over fleire tiår skal skje ut mot havet og ikkje bli pumpa innover i fjordane. Vi treng hjelp frå alle for å halde fokus på miljø og uheldige konsekvensar for befolkninga i Sula kommune. Kommuneansatte påstår tidsnød og er derfor ikkje villig til å gjere nødvendige utgreingar som òg er påpeikt i Norconsult sin rapport, før vedtak skal gjerast 22.mars 2018. Ja takk til meir utgreiingar og fakta på bordet! Gå inn på facebooksida for meir dokumentasjon innhenta frå andre anlegg landet rundt; Kloakken vekk frå fjord og folk. Denne saka er henvist til behandling i forbinding med ei pågåande plansak etter plan- og bygningsloven, sak om felles kloakkrenseanlegg med Ålesund kommune 22.mars 2018. Med venleg helsing Silje Aarflot
    214 av 194 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    2 kommentarer:

    Hans- Petter Vedde

    Lørdag 03.03.2018
    Ut i storhavet med kloakken.

    Reidun Kvasnes

    Onsdag 28.02.2018
    Med slike store planlagte kloakkutslepp til Storfjorden kan livet i fjorden bli ødelagt. Vi må tenke miljøkonsekvenser både på land og til fjord. Lukt og støyproblem vil merkes godt i nærliggende områder, ikkje berre Kvasnesbygda og Indre Sula men også Vegsund, Blindheim og Emblem vil kunne kjenne lukt. Lahella er potensiale for utbygging med dei flotteste tomtene på heile Sula. Det er sentrumsnært til Ålesund og ligg svært flott til med utsikt rett mot Hjørundfjorden. Skal samarbeid med Ålesund skje bør ikkje eit sekundærrenseanlegg leggast i boligområde. Legg det vekk fra folk og fjord!