1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Fv. 57 gjennom Bygstad – utgreiing av tunnel mellom Osen og Lona

    Sunnfjord, Vestland
    Fv. 57 gjennom Bygstad – utgreiing av tunnel mellom Osen og Lona
    Opprettet: 22.03.2018 av Sveinung Furnes
    Sluttdato for signering: 22.04.2018
    Kjære Gaulværing. Gaular kommune ser ut til å seie ja til Norconsult sitt framlegg om Fv.57 trasé gjennom Bygstad med Svesundbru. Ordførar Mathias Råheim seier at dei ikkje vil ta initiativ til å få vurdert andre traseval for Fv. 57 gjennom Bygstad. Dette meiner vi er feil. Kommunen kviler sine vedtak på Statens Vegvesen sin rapport frå 2011[referanse 1] samt Silingsrapporten til Norconsult frå 2017[referanse 2]. Dette er grundige rapportar der fleire traséval er vurdert. Men rapportane har ikkje vurdert ei løysing med tunnel frå Osen som vi meiner er den beste løysinga for dei fleste brukarane av vegen. Ved vurdering av samfunnsnytten for dei ulike trasé-alternativa vurderte rapporten frå 2011 kun nytten for trafikk som skulle til Førde-området. Nytten for lokaltrafikk samt for trafikk som skulle sørover i retning Sande var ikkje tatt med i berekninga. Berekna samfunnsnytte samt kostnad for dei ulike trasé-alternativa medførte at 2011-rapporten konkluderte med at Fv.57 med bru over Svesundet var betre enn å oppgradere vegen om Åse, Døskeland eller Sande. Norconsult sin rapport frå 2017 hadde konklusjonen frå 2011-rapporten som utgangspunkt og vurderte då kun alternativ med utgangspunkt i bru over Svesundet. Vi meiner at Gaular kommunestyre må få Norconsult til å vurdere strekninga «Helle – Båtevik – tunnel til Lending – Osen – tunnel til Lona – Søre Fauske – Perhaugen – Storehaug» som den framtidige Fv. 57 gjennom Bygstad. Dette vil vere ein trasé som vil gje mest mogleg veg for pengane, den vil gå utanfor dei fleste konfliktsonene og gi ein mykje meir grøn profil samanlikna med dei alternativa som tar utgangspunkt i bru over Svesundet. Den vil òg ta omsyn til trafikk som har andre mål enn Førde-området. Sveinung Furnes har gjennom fleire lesarbrev (8.februar [referanse 3] og 7.mars [referanse4]) opplyst lesarar av avisa Firda og Gaular kommunestyre om at traseen som er skissert over ligg på same kostnadsnivå (om ikkje lågare) enn traseen med Svesundbru og veg midt gjennom bygda. Innlegga til Furnes syner at tunnel frå Osen til Lona opnar opp for at vegen blir tenleg for fleire brukarar og regionen får oppgradert meir av eksisterande vegnett. I tillegg til forslag om ny hovudtrasé er det også tatt med forslag til ulike lokale trafikktiltak i Bygstadområdet som bør takast med i prosjektet. Regionen vår treng sårt ein ny og oppgradert Fv. 57 som må vere framtidsretta og best mogleg for flest mogleg brukarar. Kostnadsnivået må heller ikkje eskalere samstundes som miljøtema må takast mest mogleg omsyn til (landskap, kulturminne og kulturmiljø, naturmangfald, nærmiljø og friluftsliv, naturressursar). Alt dette gjer alternativet «Fv. 57 gjennom Bygstad, med tunnel frå Osen til Lona» som skissert ovenfor og i vedlagt skisse. Er du busett og folkeregistrert i Gaular kan du vere med på å få Gaular kommunestyre til å ta dette opp ved å gå inn på MiSak.no og signere der. Ungdom under 18 år kan òg signere. Dersom minst 2% av innbyggjarane i Gaular signerer, må Gaular kommunestyre ta forslaget opp til vurdering. Vi håper sjølvsagt at endå fleire enn dette vil signere. Ved å signere denne saka ber du Gaular Kommunestyre om å utgreie den nye traseen med tunnel frå Osen til Lona før endeleg valg av trasé for ny fylkesveg 57 gjennom Bygstad vert gjort. Tunnelen vil bli minimum 800 meter lang. Strekninga mellom Helle og Osen bru vart utgreia i 2011 av Statens Vegvesen, medan strekninga mellom Lona og Perhaugen er meir eller mindre utgreia i 2017 av Norconsult. Morten Øvrebø & Sveinung Furnes Referanser: (1) - http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_gaular/wfdocument.aspx?journalpostid=2018001201&dokid=149888&versjon=1&variant=A& (2) - http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_gaular/wfdocument.aspx?journalpostid=2017009683&dokid=147196&versjon=1&variant=A& (3) - https://www.firda.no/synspunkt/fylkesveg-57/bygstad/fylkesveg-57-alternativ-tras-om-osen-bru/o/5-15-530590 (4) - https://www.firda.no/synspunkt/samferdsle/bygstad/vegen-gjennom-bygstad-tunnel-fra-osen/o/5-15-547586
    114 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    2 kommentarer:

    Morten Øvrebø

    Onsdag 28.03.2018
    So kjekt at 107(til no) gaulværingar har sett kor viktig denne saka er og har signert. Hald fram med å dele saka og minn dei du møter på å lese saka og ta eit standpunkt! Dess fleire underskrifter vi får dess større ryggdekning får våre folkevalde i Gaular kommunestyre til å stemme for at tunell mellom Osen og Lona må vurderast av fagleg instans (Norconsult, sannsynlegvis).

    Sveinung Furnes

    Fredag 23.03.2018
    Tusen takk til alle som har signert! I løpet av 1 døgn har vi klart målet om minst 60 signaturer, noko som er ein forutsetning for at Gaular kommunestyre må ta forslaget til behandling (minst 2% av befolkinga på 3000 personer). Vi håper likevel ikkje at folk slutter å signere denne saka - dess fleire som signerer dess meir gjennomslagskraft blir det når vi til slutt sender lista inn til Gaular kommune. Klarer vi å komme over 100 stykker??