Stopp områdeplan Fosshaugane Campus 2.0 (Sogndalsentrum)
Sogndal, Vestland
Opprettet: 16.08.2018 av jonny Akselsen
Sluttdato for signering: 16.09.2018
I utviklingsplanen Fosshaugane Campus 2.0 – utarbeidd av eit arkitektkontor i Oslo – vert det over 66 sider skildra så visjonært at ein må heilt til Trondheim og Barcelona for å vise til liknande casar! Ein føreslår å erstatte deler av villaområda i Sogndal sentrum med blokker opp til 6 etasjar. Høge betongvegger skal altså fortrengja heimane våre i den vakre vesle bygda vår.
I tillegg blir det planlagt å leggje sykkelsti utan “bøyg” over eigedomane til folk. Logikken er at dersom ein kan SJÅ Campus frå sentrum vil det ikkje virke så langt, og folk vil difor heller gå eller sykle for å komme seg dit. Med billig psykologi skal heimane til folk altså ofrast.
Gangvegen som er planlagt frå Gravensteinsgata til Guridalen vil spare noen fattige meter i høve til til dei to parallelle gatene som eksisterer i dag. Sjå på kartet! Er me så skrale til beins her i bygda at me må rive heimane til folk for å spare nokre kaloriar?
Det er sjølvsagt positivt at ein tenkjer nytt. Me må ha utvikling og fornying, men me må ikkje gjere det slik at me taper særpreget i bygda vår, med flotte hus og hagar i sentrum. Områdeplanen Fosshaugane Campus 2.0 er i utgangspunktet ein plan for Campus, men planen har vakse langt utover seg og dekkjer no ein vesentleg del av Sogndal sentrum. Det manglar ikkje plass til nye bustader i Sogndal. Til dømes oppover mot – og på – Bjelde; vidare oppover mot Dalen; på Loftesnessida; innover mot Hafslo; frå Kjørnes mot Kaupanger og andre stader. Her kan arkitektar og utbyggarar boltre seg og vise omverda korleis ein kan fortette på ein harmonisk måte. Vidare bør ein spørje seg kva innbyggjarane i Sogndal ynskjer seg. Er det slik at alle drøymer om å bu tett i tett i blokkbebyggelse i Fjøra, eller ynskjer barnefamiliane einebustader med hage og boltreplass? Dette er spesilet noko politikarane bør ha i bakhovudet, som nettopp er valde av dei same innbyggjarane.
Me oppfordrar politikarane i Sogndal til å stoppe denne områdeplanen, trekke pusten og få på plass revidert arealplan før ein går vidare med områdeplanen. Tenk skikkelig gjennom det, og ta vare på særpreget i bygda vår. Utvikle tomme areal og ta vare på det gode me har. Bygda som heilskap må vere avgjerande i eit planleggingsarbeid av slike dimensjonar.
Det er plass til alle i Sogndal og meir til, men alle kan ikkje bu i same gata.
822 av 244 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
13 kommentarer:
Kåre Olaussen
Eirik Hesjevoll Winge
Frode Aas
Janne Aas
Sigrun G Henriksen
Henny Oxholm
Aud Breivik
Gunnar Teisnes
Anne Sofie Tolfsby
Tone Flæte
Jan Erik Weinbach
Jonny Akselsen
Pernille Nybakken