1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Hald på dagens skulestruktur i Vik kommune!

    Vik, Vestland
    Hald på dagens skulestruktur i Vik kommune!
    Opprettet: 30.08.2018 av Bjørg Fritsvold
    Sluttdato for signering: 10.09.2018
    Til folkevalde i Vik kommune! Oppmoding frå Arnafjord Bygdalag, Feios Bygdalag, Fresvik Bygdalag og Vangsnes Bygdalag til Vik kommunestyre: Hald på dagens skulestruktur i Vik kommune! Saka om skulestrukturen i Vik kommune kjem opp på nytt, under eitt år etter at kommunestyret vedtok at den skulle vera uendra. Me underteikna forventar at kommunestyret følgjer sin eigen kommunedelplan for skule om at «skulestrukturen skal vera uendra i planperioden fram til 2024, så lenge elevgrunnlaget er til stades og nye krav til kompetanse, pedagogisk opplegg og bygningsmessige rammer kan oppfyllast». Desse atterhalda ser me ikkje gjev grunnlag for endring i skulestrukturen no. Skulane i Vik held ein høg kvalitet – det er også stadfesta i same dokument. Me er uroa over det negative omdømmet Vik kommune har fått ved at skulestrukturen har vore i spel i snart to år. Me vil ha ro til å ta tak og utvikla bygdene våre. Følgjande er viktige moment i saka: Skulen i bygda er avgjerande for å styrke busetjinga og næringslivet på kort og lang sikt – og for det sosiale: jamfør tekst frå kommunedelplan for skule: «Skulane sin funksjon som fritidsarena, møtestad og kulturhus i bygdene må vidareutviklast». Men bygda er også viktig for skulen som læringsarena, og slik som framheva i kommunedelplan for skule: «Grunnskulen skal gi gode oppvekstvilkår og læring med forankring i lokalmiljøet, og øva opp evne og vilje til aktiv deltaking i samfunnet». Familiar vil ikkje flytta til ei bygd der borna vert frakta lange vegar. Tida på bussen stel verdifull fritid frå borna, og så dertil kjem risikoen for ulukker. Di lenger borna går på skule i eiga bygd di tryggare vert dei og di sterkare vert tilknyting til heimstaden og dermed lysta til å flytta heimatt som vaksne. Me ynskjer å medverka til å utvikle bygdene våre til levande bygder, slik kommuneplanen seier at det skal vera i Vik kommune. Men me saknar aktiv medverknad frå kommunen med å fremja og marknadsføra Arnafjord, Vangsnes, Feios og Fresvik som attraktive område for busetjing og næringsutvikling og vonar sterkt at dette blir betre frå no av. Bygdalaga oppmodar innbyggjarar i Vik kommune som støttar dette om å signere dette oppropet.
    345 av 52 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    12 kommentarer:

    Bjarne Larsen

    Torsdag 13.09.2018
    Ikkje usamd med Dag Einar Bøtun, det ER mange nyansar i dette. Poenget mitt er som eg skreiv at det Ikkje nødvendigvis er greitt med få eller ingen jamnaldrande skulevener. At grendeskulane er beviste på dette er eg heilt sikker på, men dei greier ikkje fange opp alt der heller. Hovedpoenget er at dersom kommune-budsjettet vert så dårlig som det kan sjå ut for, vert valet enkelt. Kommunen KAN IKKJE redusere hjelpa til elevar med serskilde behov, då er det faktisk bedre å slå saman skular. Vangsnes får snart TRYGG VEG til Vik så der ser eg ikkje noko problem. Om Fresvik og Feios vert slått saman, ser eg det som ei god løysing.

    Henning Nordmoen

    Tirsdag 11.09.2018
    Mange faktorer som må vektes. Det er ikke svart/hvit. Hva vil man med lokalsamfunnet? Tillat å tenke langsiktig. Sikt på morgendagens helter! Tørr å stå for noe! Heldigvis så har denne skolen levert kvalitet og bevist at man ikke trenger å sentralisere "alt og alle". Beviset og de personene vi må høre på, er de som har gått på skolen og er gammel nok til å si sin mening. Kort avstand til og fra skolen skaper trivsel, tilhørighet og identitet hos den enkelte elev. Jeg mener at man ikke får til dette på større skoler. Det er nok av elever som bare dyttes igjennom grunnskolen og blir en av mengden. Gruppepress gjør at elever ikke tørr å stikke seg ut, mister mot til å mene og ytre seg. Gruppepress øker fokus på falske verdier. I Vik så har man bare èn mulighet, og den mulighet er nå. Bevar skolen, ikke ta sjansen på at alt skal bli bedre. Det er alt for enkelt å gjøre om skole og utdanning til et regnestykke. Ikke la dette skje når det er snakk om ditt barns fremtid. Hvis det er en liten mulighet for å drifte skolen videre, og tilføre friske midler så må man gjøre det nå. Ikke vent og utred. Utnytt tiden og få for handling. Det er ingen vei tilbake hvis man legger ned et slikt tilbud. Det er nærmest umulig å opprette nye skoler utenfor sentrumskjerner. Vil vi bevare kultur og norsk identitet, så må vi gi våre barn den muligheten. Vi må lokale skoler, lærere, politikere tillit til at de kan vokse opp i lokalsamfunnet. Derfor må vi kjempe for å holde på lokale skoler.

    Kristoffer Uppheim

    Mandag 10.09.2018
    La den eksistere!

    Dag Einar Bøtun

    Mandag 10.09.2018
    Heilt einig i at det sosiale er viktig, men det er heller ikkje slik at skulen er den einaste sosiale arenaen me har. Sjølv var eg ute i Vik 2-3 dagar i veka på ulike fritidsaktivitetar som fotball, handball, klatring mm. Eg hadde såleis mange gode venner, både i Feios og Vik. Den dag i dag, 10 år etter endt skulegang i Fresvik, spelar eg framleis med fotball-laget Vik på somrane, og laget er kanskje mi største sosiale tilknyting til Vik. Kven veit om eg i det heile hadde hatt moglegheita til å reise så ofte til Vik på ulike fritidsaktivitetar om eg samtidig skulle pendle att og fram til skulen kvar dag? Poenget mitt er i allefall at ein ikkje må tru at elevar på små skular er blokkert frå all anna sosial Interaksjon. Eg reknar med Bjarne Larsen og «erfaren elev» er godt oppe i åra, for i dag er skulen IKKJE den einaste sosiale plattforma, og du mistar ikkje sosial kompetanse av å omgås få elevar mellom 8-14. Døgnet har 24timar, og dei vil eg heller bruke i aktivitet med gode venner framfor i ein buss.

    Bjarne Larsen

    Tirsdag 04.09.2018
    Enig med "erfaren elev" sjølv om eg har ei viss grad av forståing med foreldre som sokner til både Fresvik og Arnafjord. Var sjøl "einaste i klassen" på skulen i Ovridsdalen og kan ikkje seia at det var positivt. Å ikkje ha jamnaldrande vener på skulen er ikkje noko greitt. Rett nok kom eg ned til Flatbygdi i 3kl, men kom jo ikkje inn i gjengen utan sverdslag. Problemet samanslåing av skular, er ikkje elevane, men otten til foreldra mtp. skuleveg mm. Forstår godt at foreldra i Arnafjord ikkje gler seg til å senda ungane sine til Vik på vegen som er der i dag. Å samanlikne vegen mellom Arnafjord og Vik kontra vegen mellom Feios og Fresvik er skivebom. Likevel er det nok ei smertegrense på kor mange elevar det er i Arnafjord mtp nedlegging. Når det gjeld Fresvik ser eg ikkje problemet mtp. elevane og elevane sin sosiale faglege utvikling eller skuleveg. At bygdelaga kjempar for skule++, skulle berre mangle, at det fortener 3 sider i SognAvis? Nei. Administrasjon og politikarane har ei plikt, budsjett i balanse og lovpålagte tjenester. Når kaka vert mindre, må dei ta grep. Dersom valet står mellom grendaskular og lovpålagt hjelp til ressurskrevjande elevar,,, vert valet enkelt for min del.

    Solrun B.

    Tirsdag 04.09.2018
    Som tidlegare elev ved fådelt skule og no lærarstudent har eg mine meiningar om dette tema. Eg har stor forståing for at det sosiale miljøet for både for elevar og lærarar kan verte noko lite og også det faglege miljøet for læraren. Men likevell er det så mange positive sider ved å ha ein skule i bygdene. Sjølve oppskrifta på ei levande bygd er nettopp skule og arbeidsplassar. Og nettopp arbeidsplassar er der fleire av sjølv på ein liten skule. Dette er sjølvsagt utgifter for kommunene men også inntekter i form av skatt og løyvingar frå staten per innbyggjar. Og det er sjølvsagt positivt for kommunen å ha flest mogleg inbyggjarar. Det er ikkje noko hemlegheit at Vik kommune treng tilflytting og tilbakeflytting og at befolkninga i Vik kommune er på veg mot å verta gammel, kommunen trenge unge tilflyttarar. De må ikkje tru at alle dei som bur i bygdene utanfor kommunesenteret ynskjer å flytte inn til kommunesenteret heller. Eg personleg veit vertfall at vist eg ikkje kan bu i heimbygda mi så vil eg heller ikkje bu i kommunen. For min eigen del er jobb moglegheitane i heimbygda ein av avgjerande faktorar for om eg vel å flytte heim etter fullført studie eller ikkje. Fådelt skule treng ikkje berre vera noko negativt. Det er viktig for elevane si faglege og sosiale utvikling å ha andre elevar innafor si nærmaste utviklingssone, men det er mogleg at elevar i andre klassar fungerar som dette. Modelllæring kan fungere like godt i klassar der fleire årstrinn er samla. Nettopp fordi eldre og yngre elevar lærer av kvarandre. Dei lærer seg samarbeid, ikkje berre med jamnaldrande men alle. Det som freistar mest for min eigen del med å jobbe i ein fådelt skule er at det er lettare å sjå og høyre elevane enn i større klassar. Etter erfaringar i praksis er det vanskeleg å vere kontaktlærar for 30 elevar og i tillegg ha undervisning i mange andre klassar. Moglegheiten for å kunne skape ein sterk og god relasjon mellom elevar og elev lærar freistar nok for ikkje berre meg men alle mine medstudentar. Den største grunnen til fråfall frå yrke hjå unge lærarar er nettopp at dei ikkje får ein god relasjon med elevane, at dei ikkje føler seg respektert og likt av elevane. Eg hugsa sjølv korleis det var å alltid ha moglegheiten til å kunne få hjelp i klasserommet sjølv om læraren ofte måtte handtere ulike pensum og årstrinn. I praksis på studiet der eg som åleine lærar har ansvar for 30 elevar er det tilnærma umogleg å klare å hjelpe alle elevane som treng hjelp iløpet av 45 min. Og eg trur nok at mange elevar då vel å ikkje spørje om hjelp fordi læraren nettopp ikkje har tid. Sjølvsagt kan ikkje ein klasse på 30 og ein klasse på 2-3 samanliknast med kvarande på alt fordi dei nettopp er så forskjellige og det er ulike måtar å jobbe på i dei fådelt skule og ein anna skule. Men eg ynskjer sjølv å jobbe i ein fådelt skule fordi dette utfordrar meg som klasseleiar og planleggjar med å handtere fleire klassar og ofte ulikt pensum i same klasserom. Eg ser fram til moglegheiten til å ha eit godt forhold til elevane mine. Eg vil kjenne både elevar og foreldre. Eg vil ha moglegheiten til å sjå og høyre kvar enkelt elev. Eg vil ha tid i klasserommet. Dette har eg tru på at eg får i ein fådelt skule sjølv om det kan vere vel så mykje å gjere det, fordi ein ofte har fleire oppgåver som lærar, enn undervisar. Skulen er så utruleg viktig for ei levande bygd. Kven vil vel bu i ei bygd utan skule? Vertfall ikkje eg.

    Erfaren elev

    Lørdag 01.09.2018
    Å vere berre éin, to, tre eller få i klassa er ikkje nødvendigvis ei positiv oppleving. Det skal mykje til for at desse få personlegeitene faktisk passer saman. Å gå fleire år utan å finne ein bestevenn eller nokon ein klaffar med er ein sosial tilbakesetning. I eit større miljø er det større sjans for å finne nokon ein går saman med, og dermed vil trivast, og mindre sjans for mistrivsel. Ein treng ikkje legge ned alle skulane sjølvsagt, men å slå samen nokre hadde ikkje gjort noko. Sosial utvikling er minst like viktig som den faglege!! Av eigen erfaring veit eg at dette er grunnen til at nokre definitivt IKKJE flytter heim att til bygda.. Å vere einaste i klassen og at det skal forventast at ein skal få sosial stimuli av å leike med ungar som er fleire år yngre når ein sjølv til dømes er tenåring - kva slags teori er det? Det sosiale er VITKIG!

    Ove Breilid

    Fredag 31.08.2018
    Kast heile kommune styre

    Ove Breilid

    Fredag 31.08.2018
    Vik kommune

    Kari Helene Flæte Lyngset

    Torsdag 30.08.2018
    Skulen er hjarta i bygda!

    Bente Settevik

    Torsdag 30.08.2018
    Me er ei fullverdig bygd

    Gry Skogheim

    Torsdag 30.08.2018
    La bygdene leva!