Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Pelsforbod - Møre og Romsdal

    Møre og Romsdal
    Pelsforbod - Møre og Romsdal
    Opprettet: 01.04.2019 av Nina Renate Røyset
    Sluttdato for signering: 01.05.2019
    Innbyggjarforslag: Ja til pelsfritt Møre og Romsdal! Det er ein seier for dyra at regjeringa med Høgre, FrP, KrF og Venstre i tet har valgt ei styrt avvikling av norsk pelsdyrnæring innen 2025. Med dette som utgangspunkt meiner vi at det vil vere heilt feil at det skal seljast (nye) pelsprodukt i Norge, også i Møre og Romsdal. Dyrevelferdslova seier at dyr sine levemiljø skal fremme god helse og bidra til trivsel, men det er vanskeleg å sjå korleis eit liv i et nettingbur kan ha slike kvalitetar. Dette har no Norges regjering tatt høgde for med ei styrt avvikling, men heilt i mål er vi ikkje før vi også innfører totalforbod mot import og omsetjing av pelsprodukt. Stadig fleire plassar i verda innfører i desse dagar eit forbod mot salg av pels. Los Angeles, São Paolo og San Fransisco har allereie innført dette, og vi meiner Møre og Romsdal ikkje kan vere noko dårlegare. Sjølv om eit forbod ikkje er aktuelt på noverande tidspunkt bør fylket kunne oppmuntre handelsstanden til å avstå frå salg av pels i M&R. Med dette kan vi bidra til eit langsiktig riksdekkande mål om totalforbod av import og salg i Norge. Vi ber difor om at M&R arbeidar for at omsetjing av pelsprodukt blir avvikla så raskt som mogleg. Vi ynskjer at fylket skal bli ein mest mogleg “pelsfri” sone gjennom ein tydeleg kommunisert intensjon. I tillegg ynskjer vi eit politisk arbeid opp mot Regjering for eit nasjonalt forbod mot import og omsetjing av pels. Det typiske svaret eg og mange andre får som aktivist er at "ingen følgjer med Lille Norge, om vi gjer ein god ting betyr ikkje det at verda vil få det med seg - så kvifor engasjere seg så mykje? Det er betre at vi i Norge har arbeidsplassar innan pelsdyroppdrett og dyra har det tross alt betre i Norge enn i andre land." - DENNE MYTA vil eg ta livet av akkurat no; I januar 2018, når det vart bestemt at Norge skulle avvikle pelsindustrien, plukka nemleg Ellen Degeneres opp dette og delte det med sine 69,2 millionar følgjarar på instagram med teksta: "BRAVO NORWAY!!! #NOFUR #NotFurMe #notmyskin #EndFur - Wearing fur is old, outdated and cruel... be young, modern and cool instead!" Eg vil på det sterkaste påstå at verda fekk med seg dette. Eit anna eksempel på at verda følgjer med Lille Norge er når nettstaden IFLS.com la ut ein artikkel i februar om panteordninga vi har på plastflasker og viste til at 97% av flaskene her i landet blir resirkulert. Dette vart delt av dei på facebook også og fleire tusen kommentarar på dette innlegget besto av skryt av landet vårt og kor flinke vi er til å ta vare på ressursane våre - og éin kommentar utmerka seg spesielt for min del: "Why is Norway so much better at so many things??? #LETSCOPYNORWAY" Desse to er ikkje anna enn gode eksempel på at verda følgjer med og gjer valg etter kva vi utrettar her i vårt land. I norsk lov er det ikkje tillatt å utøve vald mot dyr eller utsette dei for unødig lidelse - likevel er det nøyaktig det vi gjer når dyra blir dårleg behandla i trange bur der dei lev i stress og frykt kvar dag. Er det dette vi vil støtte i andre land ved å importere pels? Mote-Norge har talt, alle norske moteblad vil IKKJE vise ekte pels i sine magasin - så kvifor vil butikkane presse gjennom å importere og selgje pels, som kanskje blir solgt med underskudd på salg fordi ingen eigentleg vil ha pels? Det er utdatert og det er ikkje nødvendig å nytte pels i vår tid for å halde varmen. Vennligst del denne kampanja med alle i din omkrets, det er så viktig å stanse denne ondskapen.
    604 av 500 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger

    6 kommentarer:

    Amalie Myhre

    Torsdag 02.05.2019
    Skulle blitt gjort for lenge siden!

    Monica M. Bergsvann

    Tirsdag 30.04.2019
    Det er råd å pynte og jåle seg ut uten å måtte bruke ekte pels. Nei til pelsdyroppdrett!!

    Grethe Irene Johansen

    Fredag 26.04.2019
    Pelsen tilhører dyrene, ikke menneskene!! La dyrene få friheten sin, ikke innelåst i bur. Ut med pelsdyrnæringen!!

    Nina tomren

    Søndag 21.04.2019
    Burde vært forbudt for lenge siden. Skammelig at det enda ikke er forbudt!

    Hanne Lofstad

    Onsdag 10.04.2019
    Dette er på overtid på tide å legge ned

    Pernille Riise Eidem

    Mandag 08.04.2019
    Er ikke rett at dyrene skal lide for menneskenes skjønnhet

    Legg til kommentar