Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Hold oppdrett unna Randaberg!

    Randaberg, Rogaland
    Hold oppdrett unna Randaberg!
    Opprettet: 09.06.2019 av Alexander Rügert-Raustein
    Sluttdato for signering: 09.07.2019
    Randaberg kommune vil tillate oppdrett av laks ved Alstein. Det er ein plassering som er stikk i strid med god landskaps og miljøforvaltning verdig den grøne landsbyen. Den er omringa av landskapsvernområde i vest og aust, rekefelt i nabolaget og ein norsk laksefjord rett sør. Landskapsvernområde er tilhaldsstad for båe fuglar og sel. Blant fuglane er det rødlista arter av skarv. Alle vil vere tiltrekt av eit rikt matfat og skape problem for næringa som da vil ha behov for "skadedyrnedkjemping". Det er oppskrift til unødvendig konflikt og i strid med verneområdets føremål. Næringa slik som den drives i dag er ikkje berekraftig med utslepp av lakselus som truar villaksbestanden. Den er ikkje berekraftig med tanke på all utslepp av næringsstoff som kjem frå landbasert forproduksjon og går tapt i havet. I verste fall bidrar den til oppblomstring av algar. Den er ikkje berekraftig i måten dyr behandlast. Dødeligheit for laksen ligg over 15% i snitt. Den er eit brud med dyrevelferdslovas §3 som seie at dyr har eigenverdi utover nytteverdien den måtte ha for oss. Lakselusnedkjemping er eit problem i seg sjølv. Enten den skjer kjemisk, mekansik eller biologsik. Hydrogenperoksid skader skaldyr og tang og tare når den sleppast ut i vatnet. Mekanisk avlusing ved spyling med varmt vatn dreper mange laks som ikkje toler denne type mishandling. Biologisk nedkjemping med leppefisk eller Rognkjeks er også dyreplageri. Den lever vanlegvis opp til 25-30år. Dødelegheit i merdane er nær 100% i løpet av ein 2 års-syklus. Eit anlegg ved Alstein vill endre landskapsbiletet langs Randabergs kyst. Oppleving av lite påverka landskap er eit fellesgode som vill gå tapt. Lista kunne fortsette... Me ønskjer ikkje å leggja til rette for næring basert på: - Dyreplageri - Trugsmål mot ville arter og artsmangfald i havet - Ressurssløsing - Visuell skjemming av Jær-strender Med dette som bakgrunn er denne næringa uønskt i Randaberg. Forslag til vedtak: Akvakultur tillatast ikkje i Randaberg.
    141 av 212 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    2 kommentarer:

    Erik Leirvik

    Mandag 10.06.2019
    Det er bare en fremtid for oppdrettsnæringen, og det er landbaserte anlegg. Først da har man styring og kontroll på dyrehelse og utslipp

    Tore Tunge

    Søndag 09.06.2019
    Klimaet er veldig hardt rundt Alstein / Boknafjorden, dessuten kloakk kanalen fra Merkjavik kommer noen hundre meter fra området, noe vil bety katastrofalt for laksen. Også blir det mye vill laks pga høy sjø og bølger. Alstein er også fuglereservar og verna område. Det må evt. bygges kaier for å verne laksen og landingsplass.

    Legg til kommentar

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.