Nei til bompenger på FV 57 Dale - Storehaug
Sunnfjord, Vestland
Opprettet: 11.06.2019 av Sveinung Furnes
Sluttdato for signering: 18.06.2019
Statens Vegvesen bed Gaular kommune i brev dagsett 12.04.19 fatte
eit prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av fylkesveg 57
mellom Dale og Storehaug. Gaular kommune skal etter planen ta
stilling til dette 20. juni 2019.
Statens Vegvesen skriv i tilrådinga at det er naudsynt å fatte
prinsipielle vedtak om relativt høge bompengesatsar. Det føreligg 2
alternativ med inntil 3 bomstasjonar, 2 i området Setenes –
Storehaug og ein i området Osen – Sande.
I tilrådinga er oppgitt bompengar på nærare 60 kroner ved kvar
passering. Dette vil kunne tilsvare ein kostnad for kvar bil på 2880
kroner pr. månad (60 passeringer/20% rabatt). For ein typisk familie
med 2 bilar vil dette utgjere opp mot 6000 kr pr. månad, ca. 70 000
kroner pr. år eller 1 million kroner over 15 år. Det er venta at berre
50-60% av bompengane vil gå til vegbygging, resten vil gå til
driftskostnader.
Bygstad skulekrins vil ved denne tilrådinga bli «innesperra» med
bompengestasjonar. Med dei høge bompengesatsane som er
førespegla, vil dette få svært store økonomiske konsekvensar for folk
som er tilknytt skulekrinsen. Dei fleste arbeider på Sande, i Førde
eller Fjaler. Folk må passere bomringen for å kome til skule,
barnehage, lege, helsestasjon og sosiale aktivitetar. Deler av lokalt
næringsliv vil få auka transportkostnader. Med slike ekstra utgifter vil
det ikkje bli attraktivt å flytte til Bygstad skulekrins.
Vi kan ikkje godta at Gaular kommune fattar eit prinsippvedtak om
delvis bompengefinansiering av fylkesveg 57 Dale – Storehaug slik
det er tilrådd. Vi vil tilrå Gaular kommune og Sogn og Fjordane fylke
å finne eit rimelegare alternativ.
Aksjonsgruppe: Mari Helene Kårstad, Sveinung Furnes, Helge Kårstad, Morten Øvrebø, Siv Øvrebø Kårstad,
Sindre Hestad, Gunn Kristin Dalseth, Astrid Berqvam, Kjetil Nistad, Per Jarle Smaamo, Runar Skaflestad,
Karstein Yndestad, Geir Båtevik, Bent Vidar Kårstad.
416 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
3 kommentarer:
Fredrik Johnsen
Sveinung Furnes
Sveinung Furnes