Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til vindkraft på Stad

    Stad, Vestland
    Nei til vindkraft på Stad
    Opprettet: 05.04.2020 av Bård Inge Fløde
    Sluttdato for signering: 05.05.2020
    Kjære innbyggjarar i Stad kommune! Trass i sterk lokal motstand, motsegner og frårådingar frå sterke fagmiljø, gav NVE konsesjon til Okla vindkraftverk på Stadlandet i 2013. Vedtaket har vore påklaga, og saka har nyleg vore til ny gjennomgang hjå NVE. Dette som fylgje av ei samrøystes oppmoding frå Selje kommunestyre hausten 2019 . 24. mars kom OED med si endelege avgjerd – og gav likevel grønt lys for ei utbygging med dramatiske konsekvensar for natur og omgjevnader. Fem turbinar på om lag 150 meter skal byggjast av Falck Renewables Vind AS, eit italiensk-eigd selskap. Energivinsten er marginal, og kan aldri oppvege tapet av unike naturverdiar. Okla vindkraftverk planleggast oppført i eit naturområde som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, fugl, biologisk mangfald og kulturminne. Eit storslagent og ikonisk kystlandskap av verneverdig tyding. Inngrepsfritt naturområde med ei rekkje raudlista artar blant både plantar og dyr. Trekk- og overvintringsområde for fugl i hopetal. Tett inntil freda naturreservat. Stadhalvøya har ei heilt spesiell historisk tyding, og har vore eit kjend landemerke gjennom alle tider. Eit unikt landskap som trekk titusenvis av turistar årleg. Vestkapp-platået, ein mykje besøkt destinasjon, vil ha direkte innsyn til industriområdet. Vi har eit internasjonalt ansvar for å forvalte dette! Kvalitetane her bør reindyrkast, heller søkje om UNESCO status - enn å opne for industri. Vi hjelper ikkje klimaet ved å ofre Stadhalvøya! Stad kommune skal handsame søknad frå utbyggjar, Falck Renewables Vind AS, om dispensasjon frå arealplan gjeldande endra vegtrasé til Okla-anlegget. Fleire høyringsinstansar har kome med kritiske uttalar til å gje dispensasjon. Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad meiner at handsaminga av denne søknaden må løftast til kommunestyret i Stad kommune, og meiner, med støtte i Fylkesmannen i Vestland, at kommunen bør gå til regulering av gjeldande areal, i staden for å vurdere dispensasjon. Forslagsstillar til det tidlegare innbyggjarinitiativet (august 2019), reiser difor med dette eit nytt innbyggjarinitiativ for å sikre at saka blir løfta til Stad kommunestyre --viser til framlegg til vedtak under, der også krav om regulering av gjeldande areal er inkludert. Framlegg til vedtak i Stad kommunestyre: 1. Søknaden frå Falck Renewables Vind AS dagsett 22. oktober 2019 vert avslegen. 2. Stad kommunestyre syner mellom anna til uttaler frå Fylkesmannen i Vestland dagsett 17. og 20. januar 2020,og frå NVE dagsett 2. januar 2020. Uttalene sine detaljerte krav (vilkår) kan berre imøtekommast gjennom regulering i samsvar med §§ 12-9 og 4-1 i Plan- og bygningslova. 3. Stad kommunestyre legg til: Det vert søkt om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel. Kommunestyret har vurdert søknaden og innkomne høyringssvar i høve til eventuell reguleringsplikt, jf. kommuneplanen sin arealdel med føresegner -- eventuelt om søknaden må sjåast på som eit større bygge- og anleggstiltak med miljøverknader som krev slik planleggingsplikt, jf. pbl § 12-1/ § 12-9/ § 4-1. Kommunestyret har konkludert med til at søknaden utløyser slik reguleringspliktplikt. Dette er då eit sjølvstendig avslagsgrunnlag for dispensasjonssøknaden. Det er frå Stadthalvøya Stad kommune har henta sitt namn. Då bør også lokalpolitikken materialisere seg på ein måte som reindyrkar eit slikt unikt landskap. Vi ynskjer at komande generasjonar skal få overta Stadlandet slik det er – ein nasjonal naturarv og ei rik kulturhistorie. Vi ber dykk om dykkar underskrift som støtte til dette initiativet! Med helsing Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad Lenkjer for meir informasjon: https://stad.kommune.no/innsyn.aspx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2020000110&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=732& https://motvind.org/okla/ https://www.dropbox.com/sh/7y2q7w7frqw4agh/AADwgKXaTU3X_ZfyV3m2Gpoxa?dl=0
    235 av 189 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger

    14 kommentarer:

    Laila Haukeland, ikkje innbyggar.

    Mandag 13.04.2020
    Kor fattig er ein ikkje som samfunn på verdier om ein plass som Stadlandet i sin heilhet blir industrialisert for 5 vindturbiner. Enorme inngrep i landskapet med store ringvirkninger for 5. turbiner og forsyne under 4000 husstander med straum. Dette er bit-for-bit oppstykking av Norges kystlinje. Blir det bygd vindkraft på Stad er det ingen steder som er trygg for å unngå industrialisering, ingen. Blir inngrepa dette vil medføre gjennomført kan dei aldri angres på, for då er det for seint. Så mange store aktører som kjem med motsegn og ingen blir hørt. Det burde fortelle noko om forsknings-og erfaringskunnskap på natur er ingenting verdt i møte med industribehovet til markedet. Man redder ikkje klima ved å ødelegge natur. Unikhet, rødlistede arter, fugletrekk, verneverdier på både vassdrag, landskap og natur er ingenting verdt i møte med vindkraft. Den åndelige arven som området også innehar med arven etter St.Sunniva, Norges einaste helgenen/skytshelgen for Vestlandet og arnestedet for kristninga av Norge, fornminner og historiske fotspor, ingenting verdt i møte med vindkraft. Så håpet er at lokalpolitikere verner om dei verdiene som kommunen har også for framtida og ikkje gir bort Stad til industrialisering av naturlandskapet for 5 turbiner. Dette er også fullt ut ein verdikamp for kva som er verdifullt å ivareta og ikkje..... for ettertida, husk det og lykke til.

    Grete Bjørkedal

    Søndag 12.04.2020
    Det triste i denne saken er: 1: Naturen blir ødelagt for all framtid og kan ikke gjøres om‼ 2: At vi faktisk ikke trenger det ‼ 3: At familier blir splittet fordi noen velger å selge ut familie arven sin til Utenlandske profittselskaper.Tenk det ,familiearven blir solgt for noe så dødt som penger

    Wenche Hovlid Sortvik

    Søndag 12.04.2020
    Stadlandet er eit av Noreg sine mest spektakulære naturområder. Eit storslagent og ikonisk kystlandskap av verneverdig tyding. Vilt og vakkert. Inngrepsfritt naturområde med ei rekkje raudlista artar blant både plantar og dyr. Trekk- og overvintringsområde for fugl i hopetal. Stadhalvøya har ei heilt spesiell historisk tyding. Opplevingsverdiar som trekk tusenvis av turistar kvart år. Vestkapp-platået. Surfing i Hoddevik. Kulturminner. Trass i sterk lokal motstand og motsegner frå sterke fagmiljø, gav NVE likevel konsesjon til bygging av Okla vindkraftverk på Stadtplatået i 2013. Staten gav altså si velsigning til industriutbygging i natur som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, biologisk mangfald og kulturhistorie. Sterkt i mot ei utbygging som øydelegg ein slik eineståande natur, og også grunnlaget for framtidige inntekter for kommunen relatert til reiseliv!

    Christina Fjeldavli

    Søndag 12.04.2020
    Som NINA påpeker i en helt fersk rapport, lagres drivhusgasser i naturen. Det å ødelegge natur kan derfor ikke redde klimaet, som Norsk Vind og Try reklamebyrå argumenter med. Naturen har dessuten en egenverdi. Naturen er ikke bare en verktøykasse for homo sapienser. Vindturbiner stjeler leveområder fra andre arter. Turbinene dreper også fugler og insekter. Tap av naturareal er et av de aller alvorligste problemene vi har. Dette må NVE og OED ta hensyn til. Klima- og miljøministeren bør dessuten kjenne sin besøkelsestid. Han må innse av industrialisering av natur er et skjebnesvangert villspor.

    Pranee Silawarin

    Tirsdag 07.04.2020
    E vil ikke vi skal ødelegge naturen her for å selge meir strøm til utlandet

    Kjetil Sjåstad

    Tirsdag 07.04.2020
    Jeg vil ikke at vi skall ofre naturen for at utenlanske investorer skall tjene store penger på det.

    Bjørn Drage

    Mandag 06.04.2020
    Håper kommuna no trår til og viser mykje meir inntresse for å stoppe dette!

    Per-Kåre Hansen

    Mandag 06.04.2020
    Håper inderlig at vi kan berge fjellheimen vår,hadde vi bruk for dei hadde det vert en annen sak men dette har vi ikkje bruk for i det heile. Skulle dei komme vil dei stå som digre monument over menneskers grådighet og dei de som måtte stemme fram dette komme i historie bøkene engang for alle.

    Heidi Ervik Otneim

    Mandag 06.04.2020
    Stop galskapen!

    Marius Kongsvol

    Mandag 06.04.2020
    Stogg galskapen!

    Toril Johanna Sande

    Mandag 06.04.2020
    Eg vonar inderlig at Stad kommune gjer alt som står i deira makt for å hindre rasering av Okla. Ver tydelige på kva de står for, rett ryggen og ta standpunkt de kan sjå attende på med ære, og respekt frå alle som er glad i det unike Stadlandet.

    Sissel Sjåstad

    Mandag 06.04.2020
    Føler virkelig sterkt at nå trenger vi et kommunestyre som står sammen med oss i kampen om å verne naturen og landskapet vårt. Det vil aldri bli det samme igjen om en slipper utbyggerne løs. Kan noen virkelig tenke at denne utbyggingen er verd ødeleggelsen og de store inngrepene som er planlagt?

    Dagfred Berstad

    Mandag 06.04.2020
    Det er ingeting som skulle tilseie at slikt inngrep skulle gjerast; ingen lokale eller nasjonale, ikkje globale eller klimamessige utbytte, ikkje anna enn kan hende pengeprofitt til utanlandsk kapital.

    Terje Hovden

    Mandag 06.04.2020
    Eg er sterkt i mot at konsesjon er gjeven trass i sterke faglege motsegner. Som innbyggjar føler eg stor mistillit til sentrale myndigheiter, men har samtidig tillit til at Stad kommunestyre gjer alt som er nødvendig for å hindre at inngrep blir gjort.

    Legg til kommentar