Biblioteket i sentrum – Ja til eit levande bibliotek i eit levande kulturhus!
Stavanger, Rogaland
Opprettet: 30.08.2020 av Elin Rydningen
Sluttdato for signering: 15.09.2020
Biblioteket på Kulturhuset Meieriet har i alle år hatt ei viktig rolle i Vikevåg sentrum. Det er ein av dei få offentlege møtestadene med eit tilbod som famnar dei fleste; born, vaksne, eldre, kvinner og menn, og menneske med ulik kulturell og språkleg bakgrunn. I tillegg til formidling av kunnskap og kultur har biblioteket ikkje minst vore ein aktiv samarbeidspartnar for resten av kulturarbeidet som skjer på kulturhuset, enten det har vore gjennom kulturskulen, kinoen eller andre lag og organisasjonar. Det har vore lett å stikke innom biblioteket når ein har vore på ulike arrangement eller på butikken. Biblioteket ligg der folket er, slik eit bibliotek skal, og det skaper miljø og liv i sentrum.
Det er kommunen som eig Meieriet (med unntak av det tidlegare banklokalet). Meieriet er eit bygg rennesøybuen har knytt eigarskap og kjensler til. Det er lagt ned fleire tusen timar med dugnad for å få eit kulturhus på plass. Det har lenge vore eit ønske om at biblioteket skulle bli endå meir sentralt og tilgjengeleg i Vikevåg sentrum ved å flytte det ned ein etasje til bakkeplan der banken var, men dette har hittil ikkje lukkast.
No står det motsette i fare for å skje! Biblioteket risikerer å bli endå meir bortgøymd og marginalisert i si rolle for lokalsamfunnet. For å spare pengar har styret for Sølvberget vedtatt å flytte biblioteket frå Meieriet og opp til det gamle kommunehuset der det skal samlokaliserast med innbyggjartorget og frivilligheitssentralen. Leiaren for Sølvberget har uttalt at det ikkje kan vere biblioteket åleine som kan bere kulturhuset på sine skuldre. I saksutgreiinga til styremøtet vert det vist til at Sølvberget ønskjer å styrke og utvikle ein viktig kommunal arena for innbyggjarane på Rennesøy med fokus på kultur og demokrati: «Vi ønsker å skape et rom for demokrati og dannelse i Vikevåg».
Med dette utgangspunktet skulle ein tru at innbyggjarane som er brukarane av både biblioteket og andre kulturtilbod på Meieriet skulle bli involvert i denne prosessen på førehand. Det har ikkje skjedd. Kommunedelutvalet har heller ikkje fått dette som sak før vedtaket i Sølvberget-styret. I vedtaket ligg det også inne å redusere bemanninga for biblioteket med 0,5 årsverk, og erstatte dette med dei som frå før arbeider på innbyggjartorget og frivilligheitssentralen. Biblioteket vil då stå att med berre 1 stilling som bibliotekar, noko som vil gå sterkt ut over det bibliotekfaglege og formidlingsmessige arbeidet som biblioteket vårt driv. I tillegg kjem kostnaden på 700 000 kr for sjølve flyttinga til eit gamalt kommunehus som det er planlagt å rive.
Det er mange lag og organisasjonar som brukar både biblioteket og kulturhuset. Samlokaliseringa har nettopp vore til det beste for alle partar. I alle planar og utreiingar for Vikevåg, også gjeldande reguleringsplan, er det eit prinsipp at viktige funksjonar skal samlast rundt eit sentrumsområde med utgangspunkt i den gamle ferjekaien. Vedtak om flytting av biblioteket bryt med intensjonen om å samle kommunale tenestar i Meieriet og nybygg på kaien.
Dette oppropet er eit innbyggjarforslag jf. Kommuneloven § 12-1. Dersom me samlar inn 300 underskrifter i kommunen pliktar kommunestyret å ta stilling til forslaget.
Vi oppmodar kommunestyret i Stavanger om:
- å la biblioteket vårt få vera på Kulturhuset Meieriet, der folket er og der det skaper miljø og liv i kaiområdet på Vikevåg
- å ikkje svekke det bibliotekfaglege og formidlingsmessige arbeidet ved å redusere antal årsverk på biblioteket vårt
- å la innbyggjarane sjølve få bruke si stemme i denne saka i tråd med Nye Stavanger kommune sitt fokus på lokaldemokratiet
Signert av Ingrid Løland, Elin Rydningen, Anny Hatlen og Vigdis Rognøy
624 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
6 kommentarer:
Sigmund Asmervik
Oddvar Helge Nordbø
Sigmund Asmervik
Per Thomas Grimnes
Jøran Austbø
Elin Rydningen