Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Tydelegare retningsliner for utbygging av det sentrale Sandane

    Gloppen, Vestland
    Tydelegare retningsliner for utbygging av det sentrale Sandane
    Opprettet: 07.01.2021 av Andreas Tjomsland
    Sluttdato for signering: 07.07.2021
    Kommunestyret vedtok 02.09.2020 ein områdereguleringsplan for Sandane sentrum. Vedtaket inneber, slik vi ser det, at dei folkevalde har gjeve frå seg viktig styringsrett for utforminga av Sandane sentrum. I den offentlege debatten har parkeringsspørsmålet vore det store samtaleemnet. Vårt initiativ er ikkje knytt til dette spørsmålet. Vi er særleg opptatt av det sentrale området S1 (som i hovudsak består av tomta som Firda Billag eig). Dette området er etter gjeldande vedtak fritatt for mange krav ein normalt vil stille til god sentrumsutvikling. I etterkant av vedtaket har to veldig ulike konsept kome fram i offentlegheita. Dette initiativet er ikkje knytt opp mot nokon av desse. Men spriket mellom dei viser at det er behov for ei klargjering av kva slags utvikling folket, ved politikarane, ønskjer for dette området. Vedtak utan innbyggjarmedverknad Dei mange innbyggjarane som har ønskt og rekna med ei utvikling i tråd med dei faglege råda som låg inne i parallelloppdraget og to høyringsrundar, har grunn til å vere skuffa over at mange av dei viktigaste elementa forsvann heilt på tampen av planprosessen. Endringane vart gjort heilt på slutten av kommunestyret si handsaming av saka, utan ny høyring. Det var såleis ikkje gjeve opning for innbyggjarmedverknad, og det kom heller ikkje innspel i høyringsprosessen som kunne åtvare ålmenta om ei fullstendig omkalfatring av visjonen for sentrum og særleg område S1. Det kom som ei overrasking at kommunestyret valde å endre teksten så radikalt. Områdereguleringsplanen slik han var foreslått Politikarane våre skulle ta stilling til ein områdereguleringsplan som i sine føresegner § 3.3 inneheldt tydelege føringar i samsvar med faglege råd og statlege føringar for fortetting i sentrumsområde. Desse føringane kan oppsummerast i krav om siktliner gjennom området, tilpassing til eksisterande arkitektur, og om levande miljø og møteplassar for ålmenta på gateplan. Områdereguleringsplanen slik han vart vedteken § 3.3 enda opp med å verte skore så mykje ned at denne føresegna ikkje lenger gjev klare føringar. I tekstdelen av områdereguleringsplanen står det framleis klårt at området bør brytast opp med siktliner. Her er det ein uklårheit som er viktig for eventuelle utbyggjarar å få løyst opp i. I debatten gjekk ein del politikarar ut i frå at dei enkelt kunne kome tilbake til denne saka seinare. Men det manglar faktiske vedtak på om og når dette eventuelt skal gjerast. Konsekvensar av gjeldande vedtak I tillegg er prosessen framover ikkje heilt slik mange såg føre seg. Det er ein eventuell utviklar som kjem med forslag til detaljreguleringsplan, som administrasjonen deretter tek over og jobbar vidare med etter føringane som er gjevne i områdereguleringsplanen. Gjennom politisk handsaming og høyringar kan detaljar endrast noko. Men dersom politikarane på eit seinare tidspunkt kjem med grunnleggjande føringar som ikkje var tydelege i områdereguleringsplanen, vil utviklar ha god grunn til å kjenne seg lurt. Dette kan gje grunnlag for både rettstvistar og omdømmetap. Det kan sjå ut som om politikarane ikkje har handa på rattet i denne saka. Om dei har tenkt å ha styring, så må det skje no, og ikkje etter at utviklar har lagt ned store ressursar i detaljplanlegging. Eit utvatna vedtak er uføreseieleg for utbyggjarar. Våre ønskje: Etter vårt syn medfører vedtaket at politikarane, på vegne av folket dei representerer, har gjeve frå seg retten til å påverke korleis ein sentral del av Sandane sentrum skal utvikle seg dei komande tiåra. Vi ønskjer at våre folkevalde baserer sine vedtak om sentrumsutviklinga i kommunesenteret på kunnskap om korleis ein kan fremje eit godt sentrumsmiljø. Konkret ønskjer vi at dei faglege råd som låg til grunn då forslaget til områdereguleringsplan vart utarbeidd, vert betre innarbeidd i føresegna. Vi ønskjer òg at eit så sentralt vedtak som dette får ein skikkeleg offentleg debatt. Innbyggjarinitiativ Dersom 2 % av innbyggjarane krev det, er kommunestyret i følgje kommunelova § 39a pliktige til å ta stilling til eit forslag. Formelt sett kan eit slikt innbyggjarinitiativ avvisast dersom saka er identisk med ei sak som kommunestyret allereie har handsama, elles kunne saker ha vorte trenert i lang tid. Det er gode grunnar til ikkje å avvise dette forslaget: · Det er avgrensa til ein spesifikk del av heile den store områdereguleringsplanen. · Dei store endringane frå høyringsutkasta for dette området har ikkje vore på høyring. · Skissene som har vorte presentert i etterkant viser at det er høgst uklart korleis planen skal forståast. Det er viktig for både innbyggjarar, politikarar og utbyggjarar å få ein skikkeleg prosess og ei avklaring på kva tomta kan brukast til. Vi ønskjer ein open og demokratisk prosess framfor hastverksavtalar eller anonyme kampanjar i denne saka. Dei politiske partia må stå til ansvar for veljarane og forklare kvifor dei eventuelt ser bort frå faglege råd og statlege føringar. Dei må forklare kvifor dei slepp kontrollen og overlèt til ein eventuell utbyggjar å forme det området som etter vår meining er det klart viktigaste for Sandane og Gloppen si sentrumsutvikling dei neste 50 åra. Vi krev at kommunestyret tar opp føresegn § 3.3 i områdereguleringsplanen for Sandane sentrum til ny handsaming med påfølgjande høyring. Om ein vel å sjå vekk frå faglege råd, bør dette kunne grunngjevast. Paul-Rune Daviknes Tord Hafnor Annemieke Koopmans-Holtrop Svein Kristiansen Hege Lothe Vidar Nyhammer Hanne B. Oftedal Andreas Tjomsland
    238 av 117 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    Én kommentar:

    Andreas Tjomsland

    Fredag 08.01.2021
    Vi nådde dei naudsynte underskriftane for å sende inn saka første døgnet. Men di underskrift er med på å leggje meir tyngde til kravet, så skriv gjerne under!

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.