Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Fjern aldersgrense på følgjekort i Sunnfjord kommune

    Sunnfjord, Vestland
    Fjern aldersgrense på følgjekort i Sunnfjord kommune
    Opprettet: 18.01.2021 av Julie Margrethe Kirketeig
    Sluttdato for signering: 18.07.2021
    FORSLAG OM Å FJERNE ALDERSGRENSE PÅ FØLGJEKORT I SUNNFJORD KOMMUNE Følgjekort er eit kort som kan innvilgast til personar som på grunn av nedsatt funksjonsevne treng ledsager (assistent) for å delta i samfunnet, og fungerar på mange måtar som eit aktiviserings- og inkluderingsverktøy. Med følgjekort kan dei ha med seg følgje (enten foreldre, BPA-assistent, støttekontakt, besteforeldre osv.) på mange ulike aktivitetar, offentleg transport, kulturopplevingar (til dømes konsert, kino, teater, museum) og fornøyelsesparker, enten heilt gratis eller til redusert pris. Følgjekort gir og ofte rett til “vis hensyn”-bånd i fornøyelsesparker, slik at barna slepp å stå i kø eller blir prioritert i kø. Det er i hovudsak tre faktorar som blir relevante å drøfte når vi foreslår å fjerne aldersgrensa som Sunnfjord kommune praktiserar for å få følgjekort: Rettferd, forskjellsbehandling og økonomiske konsekvensar. 1. Rettferd. «Alle born under 8 år må ha med foreldre» Sunnfjord kommune praktiserar ei nedre aldersgrense på 8 år for å få lov til å søke om følgjerkort. Argumentasjonen er at born under 8 år uansett må ha med seg foreldre på aktivitetar og at det «rettferdige» då blir at alle må betale på lik linje. Det er riktig, alle born under 8 år må ha med seg EIN vaksen person på bussen, kino, fotballkamp, konsert, symjing, o.s.b. Det denne avgrensinga ikkje tek høgde for at det er ein del born som har utfordringar som krev at det er TO vaksne med for at ein skal kunne delta. Det er og normalt at ein forelder kan ta med seg sine to born på 4 og 6 år på konsert aleine. Det er ikkje normalt at der alltid må være med ein ekstra vaksen i tilfelle det eine bornet må gå etter 10 minutt på grunn av overstimulering eller andre utfordringar. Dei fleste born på 5 år synest det er kjedeleg å stå ein halv time i kø for å til dømes køyre karusell, dei klarer likevel vanlegvis å gjer det og har glede av å kunne ta den turen. For enkelte born vil det å stå lenge i kø gjer at dei ikkje kan delta på aktiviteten, og dermed er ekskludert frå ein elles barneorientert arena. Ved å praktisere aldersgrense på følgjekort gjer ein det vansklegare for foreldre som har behov for tilrettelegging å gje sine born dei same erfaringane og opplevingane som andre born. Å delta på idretts-, kultur-, og fritidsarrangement er positivt av mange grunnar, men det kostar pengar. Når ein alltid må betale for ein ekstra person, eller risikerer å betale opp mot tusen kroner for å følgje eit born på konsert i 10 minutt er resultatet ofte at ein ikkje kan prioritere å delta. Dette skapar ulikskap og isolasjon. Aldersgrensa er med på å begrense tilgong til viktige sosiale, helsefremmande og inkluderande arenaer for enkelte grupper, noko verken Sunnfjord kommune eller befolkninga genrelt er tent med. Det kan ikkje kallast urettferdig ovanfor andre at born under 8 år får følgjekort, det kallast tilrettelegging. 2. Forskjellsbehandling. Aldersgrensa er og med på å oppretthalde forskjellsbehandling av barn basert på kva kommune dei er busett i. Kommunar i landet har ulike reglar for tildeling av følgjekort. Mange har valt å gå vekk frå aldersgrense og behandlar alle søknadar som kjem inn likt. Store byar som Oslo og Trondheim er eksempel på kommunar som ikkje praktiserar aldersgrense. Fordi følgjekortet gjeld i heile landet betyr dette i praksis at om eit 5 år gamalt born frå Trondheim kjem til Sunnfjord vil det kunne ta med seg sin assistent gratis i til dømes symjehallen medan Sunnfjord sine eigne innbyggjarar ikkje har den same retten. 3. Økonomiske konsekvensar Følgjekortordninga kostar ikkje kommunen noko. Det er kvar enkelt arrangør som sjølv bestemmer om dei godtar følgjekort, eller ikkje, og tek sjølv «kostnaden». I Sunnfjord er det ikkje eit problem at fotballkampar og kinosalar er overfylte. Dei fleste ynskjer fleire besøkande på sine arrangement og tilbod, ikkje færre. For ein familie på 5 med tre små born vil eit følgjekort føre til at ein kan nytte tilboda vi har i området oftare. I praksis vil resultatet bli at ein kjøper 4 bilettar i staden for 0. Det er med andre ord ingen økonomiske konsekvensar for kommunen, medan det for dei fleste arrangørar vil kunne påverke omsetninga i positiv retning. Til slutt: Å legg til rette i samfunnet for at flest mogeleg skal kunne delta handlar ikkje berre om individet sin rett. Det handlar om å ivareta ressursar. Å ha ei aktiv og meiningsfull fritid er helsefremmande, det aukar livskvalitet, reduserer sjukefråvær og aukar deltaking i arbeidslivet. Det er difor av allmenn interesse at det vert lagt til rette for at alle, uavhengig av kva utfordringar ein har som individ eller familie, får delta i samfunnet i så stor grad som dei ynskjer. På den måten tek vi vare på den ressursen kvar enkelt av oss er.
    316 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    9 kommentarer:

    Lillian Smelvær Olstad

    Søndag 24.01.2021
    Familien har mi fulle støtte, dette er viktig! Signert✔️

    Eirin Nes Gangeskar

    Søndag 24.01.2021
    Viktig sak!

    Edith Eide

    Torsdag 21.01.2021
    Støttar! Viktig tilrettelegging!

    Annette Hetle

    Torsdag 21.01.2021
    Støttar.

    Guro Ottesen

    Torsdag 21.01.2021
    Støtter!

    Trude H Folkestad

    Torsdag 21.01.2021
    Støttes.

    Renate Bolseth Lillestøl

    Tirsdag 19.01.2021
    Viktig sak!

    Øystein B Skjelvan

    Tirsdag 19.01.2021
    Viktig sak! Har min støtte her.

    Sigbjørn Løland Torpe

    Mandag 18.01.2021
    Støttar denne saka!